Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2024Frist 1. maiSøk gjesteinstruktør no

Politikk

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita.

Innspelet vart sendt 31. januar 2023.

Regjeringa sin nye strategi finn de her: Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) - regjeringen.no

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur over heile landet. Organisasjonen vart stifta i 1896 og er blant dei eldste frivillige organisasjonane i Noreg. I dag har vi om lag 14 000 medlemmer og 330 lokal- og fylkeslag. Organisasjonen arbeider for å betre vilkåra for frivillig kulturarbeid, lokalt, regionalt og nasjonalt

I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ikkje statleg organisasjon i UNESCO sitt arbeid for immateriell kulturarv. Dette er ein stadfesting på det viktige arbeidet som våre lokallag gjer i sine nærmiljø. Lokallaga er m.a. sentrale i overføring av immateriell kulturarv, som dans, musikk og tradisjonshandverk. I tillegg er Noregs Ungdomslag opptatt av å samle folk til aktivitet, fest, kreativ utvikling, galskap og moro.

I arbeidet med ein ny strategi for det frivillige kulturlivet meiner vi at dette er viktige prioriteringar:

1) Det frivillige kulturlivet må styrkast for å nå måla om deltaking for alle, likestilling og mangfald, og meir kunst- og kulturaktivitet lokalt og regionalt. Gjennomfør kulturløftet med 1 prosent av statsbudsjettet.

2) Organisasjonseigde kulturbygg treng eit løft og styrking av tilskotsordninga for å ta att etterslep på vedlikehald og gjere bygga meir tenelege for dagens bruk og krav til tilgjengelegheit.

3) Støtteordningar må vere rettferdige, forutsigbare og enkle. Bygg på dei eksisterande støtteordningane og styrk desse framfor å skape nye.

4) Eventuelle regionale kulturfond må komme i tillegg til eksistererade støtteordningar, og vere så enkle at midlane går til kulturformål framfor administrasjon.

Vi viser òg til innspel frå generalsekretær Magni Hjertenes Flyum og rådgjevar under innspelsmøta 13. desember 2022 og 9. januar 2023 (vedlegg), og støttar opp om innspel frå Kulturalliansen.

1. Brei deltaking og tilgang på kunst og kulturaktivitet i heile landet

Noregs Ungdomslag meiner at det er kulturaktiviteten i kvardagen, der enkeltindividet sjølv er aktørar i eige lokalsamfunn, som skaper nærleik til andre og som er viktig for utvikling av lokal tilhøyrsle og identitet. Å ha ein stad å utøve aktivitetar er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv, uavhengig av kor du bor i landet. Gode fysiske møteplassar medverkar difor til gode fritidstilbod, samhald og til heimstadidentitet.

I dag består inntektene til organisasasjonseigde kulturhus av ein kombinasjon av kontingent, utleige og årlege basar- og marknadar. Inntektspotensialet er på denne måten avgrensa. Auke i faste kostnadar gjer at eigarane disponerer stadig mindre frie midlar til vedlikehald og utvikling av nye aktivitetar. Auka i straumkostandane kjem på toppen av to vanskelege år under pandemien.

Før koronapandemien var 64 prosent av oss aktive i frivillige organisasjonar. Heile 83 prosent av befolkninga meiner det er viktig eller svært viktig at kommunen legg til rette for frivillige organisasjonar. Mykje av dette arbeidet skjer i organisasjonseide kulturhus.

Frivillige lag og organisasjonar stilte lojalt opp under pandemien. Samstundes fekk pandemien store økonomiske konsekvensar for frivilligheita. Ikkje minst gjeld dette for lag- og organisjonane som eig og driftar eigne kulturhus. Sjølv om lag og organisasjonar fekk delvis kompensert tap av inntekt, vart laga påført ekstrakostnader og tap av inntekter som har gått utover moglegheita til å utvikle husa og legge til rette for nye aktivitetar.

Samstundes er det aukande sosiale forskjeller i Noreg. I 2019 vaks 115 000 barn i Norge opp i ein familie med vedvarande låginntekt, mens undersøking av Frivillighet Norge viser at 27 prosent av barnefamiliar, eller nokon i familien, ikkje har delteke på fritidsaktivitetar på grunn av høge kostnadar.

Når man slit med å få endane til å møtast, leier det ofte til utanforskap og avgrensa moglegheiter til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Tilbakemelding frå organisasjonen FRI (forening for kjønns- og seksualitetsmangfold) viser òg at det framleis er eit stort behov for å jobbe for eit samfunn der alle skal kunne leve frie og trygge liv uavhengig av seksuell legning eller funksjonsgrad.

Kva betyr dette for enkeltmenneske og samfunnet som heilskap, og kva ansvar har frivillige organisasjonar for å motverke utanforskap? Korleis kan vi legge til rette for å skape gode, inkluderande møteplassar, der bakgrunn og økonomi ikkje spelar nokon rolle?

Noregs Ungdomslag meiner at dei organisasjonseide kulturhusa er viktige inkluderingsarenaer. Her er det moglegheiter for et mangfald av aktivitetar; musikk, teater, dans, klubbaktiviteter, eldrekafé, gaming, eller dugnad. Du treng ingen spesielle kunnskap for delta! Her kan- og skal dei organisasjonseigde husa ta eit stort ansvar for å sørge for reel inkludering, der alle kan delta uavhengig av sosial status, økonomi, seksuell legning eller fysisk og psykisk helse.

2. Møteplassar og tilgang på egna kulturarenaer for aktivitet, læring og opplevingar

Dei fleste lokallaga våre eig i tillegg eigne ungdomshus. Dette er viktige møteplassar i sine lokalsamfunn, men desse krev ressursar, både i form av kunnskap om vedlikehald og generell rådgjeving. Med dagens fokus på sirkulærøkonomi finst det heller ikkje noko betre tiltak enn å ta vare på og utvikle dei eksisterande kulturhusa.

Noregs Ungdomslag har studert eit utval av offentlege kulturstrategiar. Her varierer kunnskapsnivået og fellesnemnaren er at planane ofte tar lite omsyn til husa og laga som eig dei. Vi har difor store forventingar til regjeringas nyte strategi for kulturfrivilligheita vil medverke til at kommunar og fylker i større grad inkluderer husa i sine planar. Vi trur òg at det er viktig at kulturstrategien legg opp til revidering av kulturlova slik at kulturhus vert inkludert i kommunal planarbeid på lik line med idrettsanlegg i plan og bygningslova.

3. Samspel mellom den profesjonelle og frivillige kulturen

Noregs Ungdomslag vil minne om Anne Enger-utvalet sin evaluering av Stoltenberg-regjeringa sitt kulturløft frå 2005-2013. Denne viste at taparen i denne perioden var det lokale kulturlivet. Sjølv om dette er nokre år sida, er framlesi mange av utvalet sine konklusjonar relevante i dag og for den nye strategien for det frivillige kulturlivet. Mellom anna peika utvalet på at den kulturelle grunnmuren må styrkast. Denne grunnmuren er bygd opp av mellom anna frivillige lag og organisasjonar og kommunale kulturtilbod.

Noregs Ungdomslag vil framheve:

  1. Framtidens kulturpolitikk bør ha eit lokalt fokus: Skal vi klare å styrke den kulturelle grunnmuren treng vi eit lokalt kulturløft.
  2. Den veksten som institusjonenene har fått og den infrastrukturen som er byggd opp må i enda større grad bli fylt med innhald, kunstnerisk kvalitet og publikumsauke. Ikkje minst er dette viktig etter pandemien.
  3. I tillegg må ein sjå på mangfoldsutfordringa som framleis ikkje er løyst.
  4. I følgje Kulturløftet skulle alle barn som ønska få eit kulturtilbod. Framleis er det rom for betre samarbeid med kor, korps og andre frivillige organisasjoner, som òg treng betre øvingsplass og kunne bryne seg på profesjonelle kulturarbeidarar.

Noregs Ungdomslag meiner difor at departementet i arbeidet med ny kulturstrategi bør foreslå å øyremerkje midler til et lokalt kulturløft i kommunene.

Noregs Ungdomslag viser her til undersøking som Huset i Bygda gjennomførte i 2019 i Sogn og Fjordane. I 2019 var den samla kommunale kulturstøtta til lag- og organisasjonar på under 6 millionar kroner i Sogn og Fjordane. Til samanlikning var dei samla kommunale driftsutgiftene i 2018 på over 10 milliardar kroner. Kulturstøtta til lag -og organisasjonar svarte såleis til under 0,06 prosent av dei kommunale driftsutgiftene i det gamle fylket. Det er ikkje grunn til å tru at situasjonen har endra seg stort sidan 2019.

Anne Enger utvalet foreslå at dette lokale kulturløftet kunne styrke folkebiblioteka, kulturskulane, innføring av en dirigentlønnsordning, og til øvings- og framføringslokalar i det lokale kulturlivet. Sistnemnde vil medverke til at kor og korps kan leige seg inn i organisasjonseigde kulturhus i stadenfor å måtte bruke offentlege lokale som ikkje er tilpassa deira verksemd. Truleg vil dette òg vere ein meir effektiv bruk av offentlege midlar, ved at tilskot vert brukt til å stimulere bruk av allereie eksisterande egna lokale, heller enn å tilpasse skular og kommunale bygg som er bygd til andre føremål.

Noregs ungdomslag trur òg at øyremerka midlar vil medverke til å styrke kontakten mellom det frivillige og profesjonelle kulturlivet.

Det er òg viktig at frivillige organisasjonar får gratis eller sterkt subsidiert tilgang til kommunale kulturbygg. Desse har har ofte tekniske fasilitetar som dei organisasjonseigde kulturhusa ikkje har. Skal frivilligheita få utvikle seg og dra nytte av den profesjonelle kompetansen, er det avgjerande at laga vert invitert inn i dei offentleg kulturbygga. Eit godt døme på dette er Bergen. Her kan frivillige kulturorganisasjonar få leige Grieghallen og alle andre kulturhus gratis.

4. Offentlege tilskotsordningar og tiltak

I 2011 gjekk den dåverande raudgrøne regjeringa, med støtte frå Høgre og FRP, inn for å endre fordelingsnøkkelen på spelemidlane. Idretten sin del av tippemidlane vart auka frå 46,5 til 64%, mens delen til kulturformål vart redusert frå 36,5% til 18%. Det mangla ikkje på kritiske røyster, over 25 000 signerte opprop mot endringa, men i prosessen lovde dei fleste partia på Stortinget at kuturlivet ikkje skulle lide ved justeringa av tippenøkkelen, men at bortfall av spelemidlar skulle kompenserast gjennom statsbudsjettet. 12 år etter at fordelingsnøkkelen vart endra kan vi slå fast at skeptikarane fekk rett, og at denne reduksjonen utvilsamt har vore negativ for utviklinga av det frivillige kulturlivet i Noreg.

Ny kulturstrategi må ta innover seg og tørre å ta diskusjonen kring oppbygging og kva tiltak som skal vere prioriterte område i kulturen sin del av spelemidlane. Her støtter Noregs Ungdomslag forslaget til mellom andre Kulturalliansen om forskriftsfesting som konkretiserer fordelinga av kulturdelen av spelemidlane, slik det er for idrett og samfunnsnyttige formål

Noregs Ungdomslag har gjennom prosjektet Huset i Bygdakartlagt alle organisasjonseigde kulturhus i Noreg.[1] Husdatabasen er viktig informasjonskjelde for potensielle leigetakarar og for lag og organisasjonar som ønskjer å starte ny aktivitet. Den er òg viktig for at vi skal kunne halde kontakt med huseigarar og spreie relevant informasjon til eigarar og brukarar av husa i Norge.

Kartlegginga viser at det truleg finst om lag 5 000 organisasjonseigde kulturbygg i Noreg i dag og at desse treng minimum to milliardar kroner til vedlikehald for å kunne møte dagens standard og krav. Det betyr at berre Vestland fylke treng 300 millionar kroner for å møte dagens standard, mens dei for 2022 disponerer ca. 6 mill. til organisasjonseigde kulturhus. I Viken har dei t.d. midlertidig stans i nye søknadar for spelemidlar til kulturarenaer for å ta att etterslepet på søknadar.

At behova er store, er i tillegg dokumentert gjennom søknadsordninga til Huset i Bygda i Sogn og Fjordane.[2] Dette er eit samarbeid med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som finansierer ordninga. Sidan 2016 har Huset i Bygda og Sparebankstiftinga motatt 376 søknadar frå organinasjonseigde kulturhus i denne regionen med samla kostnad på 95 millionar kr.[3]

På same tid har statlege støtteordningar vorte redusert monaleg. Frå 2013 har tippemidlar som går til kulturhus falle frå 135 millionar til 54,6 millionar kroner. Eit kutt på nesten 60 prosent. Her saknar vi oppfølging av stortingsmeldinga om Kulturens kraft frå 2018, der ein av prioriteringane i meldinga var å vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor tippenøkkelen.

I tillegg kjem behov for teknisk utstyr. Ifølge Norsk musikkråd er berre ti prosent av lokala brukt til musikkøving eigna til føremålet. I 2020 var samla søknadssum til Kulturrom, tilskotsordninga for teknisk utstyr og lokale, 363 millionar kroner, mens samla pott var på 41,5 mill. Dette svarar til 11,4 prosent av samla søknadssum dette året.

Om ikkje det vert sett i gang ein målbevist satsing på desse husa vil etterslepet auke i åra framover. Det er difor viktig at ein i arbeidet med ny kulturstrategi diskuterer korleis vi kan utvikle desse husa vidare, slik at dei vert gode inkluderande arenaer for både amatør- og profesjonell kultur.

I dette arbeidet treng vi ei satsing på eksisterande ordningar, heller enn å opprette nye:

  • Dei økonomiske rammene til desentralisert ordning for kulturbygg må aukast monaleg.
  • Studieforbundet Kultur- og tradisjon som modell for forenkling og samordning for kulturfrivilligheita. Ein liten administrasjon i Vågå har skapt eit svært effektiv lågterskelordning. I 2021 vart gjennomført over 3 500 kurs med 35 000 deltakarar som til saman brukte 106 000 timar på kursa. På denne måten har det òg vore mogleg å få til eit godt samspel mellom frivillige organisasjonar.
  • Frifond er ein anna ordning som med fordel kan utviklast vidare. Den har ein svært enkel oppbygging og krev relativt lite administrering frå sentralledet.
  • ·Auka økonomiske rammer til Kulturrom
  • Det er òg eit stort problem at organisasjonseigde kulturhus ikkje kan søke på ENØK-tiltak gjennom ENOVA. Med 5000 kulturhus, kan regelendring her vere eit stort statleg bidrag til det grøne skiftet
  • Det er òg ein systematisk forskjellsbehandling mellom idretts- og kulturbygg ved at det ikkje eksisterer nokon tilsvarande momskompensasjonsordning for sistnemnde. Det er med på å undergrave moglegheita til større utbetringar på husa og forverrar økonomien til huseigarane.

5. Regionale kulturfond

Regionalt kulturfond er ein god tanke, dersom den vert følgt opp med friske midlar på statsbudsjettet. Vi har som føresetnad at oppretting av regionale kulturfond ikkje vert tatt frå eksisterande ordningar som t.d. spelemidlane.

Noregs Ungdomslag meiner at etablering av regionale kulturfond må ha eit føremål og innretning som gjer at også lokale lag og organisasjonar kan søke på tilskot. Skal midlane kanaliserast gjennom regionale organisasjonar til lokallagsarbeid er det viktig at utforming av søknadsordningar ikkje fører til auka administrive oppgåver for regionledda. Det er difor viktig at ordninga må vere ein tillitsbasert lågterskelordning tilpassa behov og utfordringar i dei ulike fylka. Dette fordrar tett kontakt med det frivillige kulturlivet i utforming av handlings- og tiltaksplanar.

Noregs ungdomslag takkar for ein inkluderande og positiv prosess i arbeidet med ein ny strategi for det frivillige kulturlivet, og ser fram til resultatet. Vi minner også om at det vart laga ein strategi for folkemusikk og folkedans i 2020. Mykje av det som kom fram i dei innspelsrundane er relevant i denne samanhengen òg. Vi representerer store delar av det det frivillige folkedansmiljøet, og legg ved vårt innspel til denne prosessen i tillegg.


Beste helsing

Noregs Ungdomslag

Torbjørn Bergwitz Lauen

Magni Hjertenes Flyum
StyreleiarGeneralsekretær


[1] https://storymaps.arcgis.com/stories/e51e1e25cb894d37a2200ada1bcfd3fe

[2] https://storymaps.arcgis.com/stories/1822ec5c269d49b88254f3e42ac0aae2

[3] https://noregsungdomslag.maps.arcgis.com/apps/dashboards/4c8bef17c0554cc882dfd7475185918c

Fleire politiske dokument

Sjå alle
Politikk

Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

Politikk

Innspel til ny Kulturmiljølov

Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.

Politikk

Innspel til handlingsplan for deltaking i Kultur, idretts- og friluftsaktivitetar

Innspel frå Noregs Ungdomslag til regjeringa sitt arbeid med ny handlingsplan for deltaking i kultur, idretts- og friluftsaktivitetar. Innspelet vart sendt 20. desember 2023 til Kultur og likestillingsdepartementet. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm, e-post: christoffer@ungdomslag.no Mob. 48 00 48 17.