- Bunad og handverk
Fagdagane i bunad og folkedrakt 2025
Velkommen til Lillehammer, der vi i år har skjorter som hovudtema. Vi markerer òg utvandrarjubileet Crossings 200, og har mellom anna invitert ein foredragshaldar heilt frå USA. Kursprogrammet er klart, og påmeldinga er nå open.
- Scandic Lillehammer Hotel, Turisthotellvegen 6, 2609 Lillehammer
- kr 4.950 (deltakaravgift, overnatting frå tysdag til onsdag, lunsj og festmiddag tysdag, frukost og lunsj onsdag)

Praktisk informasjon
Tid: Registrering og ankomst frå kl. 10.00 den 14. oktober. Det offisielle programmet startar kl. 12.00 den 14. oktober og blir avslutta kl. 15.00 den 15. oktober.
Stad: Scandic Lillehammer Hotel, Turisthotelvegen 6, 2609 Lillehammer
Pris:
- kr 4.950 (deltakaravgift, overnatting frå tysdag til onsdag, lunsj og festmiddag tysdag, frukost og lunsj onsdag)
- kr 3.550 (deltakaravgift, lunsj og festmiddag tysdag, lunsj onsdag)
- kr 2.950 (deltakaravgift, lunsj begge dagane)
Påmelding: 25. juni – 20. september
Fullstendig foredragsprogram, tidsskjema og utfyllande informasjon blir publisert i august.
I år kan deltakarane velje mellom følgande kurs – her gjeld det å vera tidleg ute:
- Enkel uttrekkssaum og austmannarenning v. Linda Rongve Brunsvik
- Smøyg v/ Kari Anne Pedersen
- Kunststoping og reparasjon av bunadsskjorte v. Hege Therese Nilsen
- Aggar, taggar og tunger – kanting på hals- og ermelinningar v. Mary Lovise Moen
- Innfelling av skulderlask/-kile/-stykke v. Anne Lisbeth Øyseth
- Striping av skjorte, saum til kvarte v. Bodil Enger
- Omvising på Maihaugen i utstillinga Impulsar
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
ISLEK 2025
Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island
- 35 000 Islandske kroner (ca. 2800 NOK)
Nettmøte: nettsider for lokallaga
Digitalt
- Teater,
- Levande kulturarv
Teaterhelg i Oslo
Bygdelagshuset og Det Norske Teatret
- 500