Gruppesparring: Frivilligheit
Den 26. november inviterar Arena for nabolagshus til digital gruppesparring om frivilligheit. Dette er ikkje ei samling med lange føredrag, men eit framifrå høve til å få direkte råd og svar på det du lurar på.
- https://socentral-no.zoom.us/j/82455488844
- Gratis

Sit du med eit ungdomshus, grendehus eller nabolagshus fullt av potensiale, men slit med å få nok folk med på laget? Eller lurar du på korleis du kan ta vare på dei frivillige du allereie har, slik at dei blir verande?
26. novemember inviterar me til digital gruppesparring om frivilligheit. Ingen lange føredrag, men eit framifrå høve til å få gode råde og svar på det du lurar på.
Me begynnar kl. 17:00, slik at det er enklare å delta for deg som driv huset på frivillig basis.
Me har invitert med oss nokre av dei viktigaste aktørane innan frivillig sektor, slik at du kan få innsikt og konkrete tips:
- Rekruttering av frivillige: Korleis finne folk som vil bidra, og korleis be om hjelp på ei måte som faktisk verker.
- Å ta vare på frivillige: Kva skal til for at folk blir verande, trivast og kjem tilbake?
- Mangfald og inkludering: Korleis bygge eit frivilligmiljø som er ope for alle i lokalmiljøet.
- Organisering og rolleavklaring: Verktøy og rutinar som gjer det enklare å vere frivillig.
Slik fungerar det: Etter ein lynrask introduksjon deler me oss inn i grupperom basert på temaa over. Her vel du det rommet som er mest relevant for deg. Det blir ingen PowerPoint-bonanza. Her er det dine spørsmål som står i sentrum. Du kan spørre om alt frå konkrete utfordringar i kvardagen til korleis du byggjer ein god frivilligkultur over tid.
Dette er samlinga for deg som:
- Treng fleire frivillige i ungdomshuset, grendehuset eller nabolagshuset.
- Vil lære korleis du kan ta betre vare på dei som allereie bidreg.
- Ønskjer å møte andre som står i dei same utfordringane, i ein uformell samanheng.
Bli med på ei effektig og matnyttig økt kor me gir kvarandre hjelp med å bygge sterke frivilligmiljø i husa våre!
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).