Hopp til hovedinnhold
Arrangement
  • Ungdomshus

Hussamling i Hardanger

Arrangør: Hordaland Ungdomslag

Har du eit ungdomshus, grendahus, bygdahuseller bedehus du vil gi nytt liv?​
Eller kanskje du berre vil hente inspirasjon, dele erfaringar og møte andre som står på for å halde husa i bygdene levande?

  • Strandebarmsvegen 314, 5630 Strandebarm

Huset i Bygda og Hordaland Ungdomslag inviterer deg hjarteleg til hussamling i Hardanger - ein ettermiddag fylt med gode samtalar, nyttig kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med huset ditt.​

Stad: Haugatun Ungdomshus, Strandebarm Ungdomslag​
Tid: Sundag 23. november kl. 13.00–16.00 (huset er ope frå kl. 12.00)

Kvifor kome?

Enten du planlegg å pusse opp lagshuset eller vil fylle huset med levande aktivitetar – handlar det om å fortelje historia di på ein måte som får fleire til å vere med.​

På samlinga får du konkrete tips til:​

  • korleis du byggjer opp ein god søknad​
  • kvar du kan søkje om støtte​
  • kva som får tilskotsgivarar til å stoppe opp og lese vidare,​
  • korleis du viser kor viktig huset er for lokalsamfunnet ditt.​

Dette blir både praktisk, inspirerande og nyttig – og sjølvsagt ein hyggeleg møteplass for alle som brenn for dei levande husa våre!​

Program

  • Huset er ope frå kl. 12.00​
  • Velkomen: Kven er vi – Huset i Bygda og Hordaland Ungdomslag​
  • Strandebarm Ungdomslag fortel om huset sitt​
  • Laga introduserer seg​
  • Kommunale perspektiv: kulturleiar eller representant frå kommunen deler tankar om prioriteringar og rammevilkår​
  • Branntryggleik: 1. desember er røykvarslardagen – korleis halde huset trygt og sikkert for brukarane​
  • Mat og mingling​
  • Korleis skrive gode søknadar​
  • Oppsummering: spørsmål og innspel frå laga​
  • Takk for i dag!​

Vi håpar mange tek turen – dette blir ein unik sjanse til å hente inspirasjon, dele erfaringar og bygge nettverk på tvers av bygdene i Hardanger.

Påmelding

Meld deg på til ida@ungdomslag.no (mob. 93 25 15 85) innan 17. november.

Vel møtt til ein triveleg og lærerik dag på Haugatun!

Fleire arrangement

Sjå alle
  • Levande kulturarv

Kven Veit? 2026

Kurs
  • Teater

Instruktørkurs: Barneteater

Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen

  • 600 (+500 for ikkje-medlemmar)

Folkedanslaget Sølja

Søljas tjuendedagsball 2026

Husegutua 1, 2334 Romedal, Norway

  • 750 kr