Instruktørkurs for vidarekomne (folkedans)
3.-4. februar inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs for erfarne og vidarekomne folkedansinstruktørar.
- Bygdelagssamskipnaden, Nordal Bruns gate 22, Oslo
- 500,- for medlem, 1000,- for ikkje-medlem

Vi har fått med oss Ami Dregelid og Andreas Berchtold som er dansarar, dansepedagogar og instruktørar innan folkedans.
Om kurset:
Dette er instruktørkurset for deg som ønsker å fordype deg endå meir i instruksjon og formidling av folkedans. Med Ami og Andreas kjem vi til å danse saman for å fokusera på ulike metodar for teknikk og samdans. Du som deltek på kurset får moglegheit til å utforske korleis du som instruktør kan bruke dette i eigen dans og formidle vidare til andre dansarar. Kurset legg opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon.
Målgruppe:
Det er forventa at du som deltek har god instruktør- og danseerfaring innan folkedans og at du er aktiv instruktør og dansar, med eit ønske om å fordype deg i faget.
Om instruktørane:
Ami Dregelid og Andreas Berchtold har i meir enn trettito år arbeidd som instruktørar i mange ulike dansesamanhenger, mellom anna som leiarar for den eittårige utdanninga i folkedans på Eric Sahlström Institutet og på kandidatprogrammet i dansepedagogikk på Stockholms konstnärliga högskola. Dei har via sitt yrkesliv til dans både som utøvarar og pedagogar. Gjennom si undervisning har dei kvar for seg og i lag utvikla folkedans som kunnskapsområde.
”Att få folk att dansa är något av det roligaste vi vet, både på kurs och på det sociala dansgolvet” seier Ami og Andreas.