Juniorinstruktørkurs (AVLYST)
Arrangør: Voss Ul
Kurset er diverre avlyst grunna for lite påmelding.
Har ditt lokalmiljø behov for eit slikt kurs?
Ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol.
Juniorinstruktørkurs i folkedans passar for deg som er ungdom eller ung vaksen og er ny i rolla som instruktør for barn.
Spør gjerne lokal- eller fylkeslaget ditt om dei kan gi støtte til deltaking på kurset.
- Uttrågata 18, 5700 Vossevangen
- 600

Helga 12.-13.september inviterer vi til juniorinstruktørkurs i folkedans i samarbeid med Voss Ungdomslag.
Kurset rettar seg mot unge, nye folkedansinstruktørar som instruerer barnegrupper.
På kurset vil du lære eit repertoar av dansar som passar for barn, samt mykje om korleis du kan legge opp øvingane på ein god måte. Du vil lære om korleis du kan leie og instruere barnegrupper og kva pedagogiske grep du kan bruke for å lære vekk ein dans til dei yngste.
Kurset passar for deg som har dansa sjølv ei stund og som anten har fått i oppgåve å lære vekk til dei yngre i laget eller deg som ønskjer å vite meir om instruktørrolla.
Instruktør
Instruktør på kurset er Audun Grüner-Hegge. Audun er utdanna pedagog, jobbar som lærar og er ein erfaren og allsidig folkedansar og instruktør. Han har vore instruktør i ulike grupper, både for barn, unge og vaksne - og har halde fleire kurs for Noregs Ungdomslag. Audun er kreativ og kunnskapsrik, og kjenner dei ulike dansefamiliane i Noreg godt.
Musikar på kurset er ikkje klart enda. Informasjon kjem.
Førebels timeplan (med atterhald om endringar)
Laurdag 12.september
09.00: Registrering opnar
10.00: Kursstart
13.00: Lunsjpause
13.45: Kurset held fram
Sundag 13.september
10.00: Kursstart
13.00: Lunsjpause
13.45: Kurset held fram
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Basiskurs i leiing og regi
Hammartun barne- og ungdomsskole, Lillehammer
- 1900 (for medlemmar)
Rom for kultur – Kulturarenakonferansen 2026
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo
- 1450