Hopp til hovedinnhold
Møte

Landsmøte 2024

Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 20. og 21. april 2024. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.

  • Dronning Eufemias gate 4
Votering under landsmøte. Deltakarar held gule voteringslappar med tal på i lufta. Votering under landsmøte. Deltakarar held gule voteringslappar med tal på i lufta.

Førebels sakliste

Styret har sett opp ei førebels sakliste for landsmøtet. I tillegg kan medlemane gjennom laga komme med framlegg til saker ein ønsker at landsmøtet skal handsame. Sakene må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast åtte veker før møtet, dvs. innan 23. februar.

Framlegg til saker kan de sende til post@ungdomslag.no Merk emnefeltet med "Saksframlegg til landsmøtet 2024".

Styret vil etter dette setje opp framlegg til endeleg sakliste. Lista blir kunngjordt på heimesida til Noregs Ungdomslag, og sendt til dei påmelde utsendingane seinast 22. mars.

Den førebels saklista per 19. januar 2024 er:

  1. Opning og konstituering
  2. Årsmelding 2023
  3. Rekneskap 2023
  4. Evt. lovendringsforslag 
  5. Arbeidsprogram 2025-2026
  6. Rammebudsjett 2025 og 2026
  7. Innkomne saker frå laga
  8. Fråsegner
  9. Val av styre, revisor og valnemnd

Fullmaktsskjema

Lokal- og fylkeslag som ønskjer å delta på landsmøtet, må fylle ut fullmaktsskjema for å stadfeste kven som har fått fullmakt til å representere laget på møtet. Fullmaktsskjema finn du her.

Frist for å sende inn fullmaktsskjema er 10. mars

Landsmøtedelegatar sitt i landsmøtetaleLandsmøtedelegatar sitt i landsmøtetale
Votering under landsmøtet i 2022Votering under landsmøtet i 2022

Påmelding av utsendingar

Meld på laget sine utsendinger her. Frist for påmelding av utsendingar er 10. mars.

Informasjon om og påmelding til seminar blir lagt ut seinare.

Program

Fredag 19. april

18:00-19:00 Registrering
19:00-20:30 Seminar
21:00 Kveldsmat

Laurdag 20. april

09:00 Seminar
11:00 Landsmøtet startar
13:00 Lunsj
14:00 Landsmøtet fortset
17:00 Møte ferdig for dagen

19:00 Middag og fest

Sundag 21. april

09:00 Møtestart
13:00 Lunsj
15:00 Takk for no

Stor ring med menneske som syng og dansar. Stor ring med menneske som syng og dansar.
Votering under landsmøtet. Landsmøtedelegatar held gule lappar med tal i været. Votering under landsmøtet. Landsmøtedelegatar held gule lappar med tal i været.

Prisar

Landsmøte: 1950,- (inkl. landsmøte, lunsj, pausesnacks, drikke, møterom)
Kveldsmat fredag: 300,-
Middag og fest laurdag: 500,-
Overnatting enkeltrom: 1600,- per natt
Overnatting dobbeltrom: 1250,- per natt per pers

Laga kan få tilsendt faktura, betale med kort eller Vipps.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs
  • Bunad og handverk

Nettmøte: Bunadskafé

Kurs
  • Ungdomshus

Nettmøte: HMS på 1-2-3

Leir
  • Folkedans,
  • Teater,
  • Bunad og handverk,
  • Levande kulturarv

Nordisk sommarleir

Myra skule og grendehus, Myraveien, 4848 Arendal

  • 2200,-/3200,-