Hopp til hovedinnhold
Kurs
  • Teater,
  • Levande kulturarv

Teaterhelg i Oslo

Velkomen til teaterhelg i Oslo!

Vi ønskjer teaterinteresserte velkomen til ei helg med fagleg og kulturelt program. Målgruppe er ungdom og vaksne over 18 år som driv med teater.

Deltakaravgift dekker kurs, ei framsyning og omvising på Det Norske Teatret, samt lunsj laurdag og sundag. Reise og overnatting må kvar enkelt ordne sjølv.

Påmeldingsfrist 28.august kl.23.59.

Prisar:
NU-medlem: 500,-
Ikkje-medlem: 1000,-

  • Bygdelagshuset og Det Norske Teatret
  • 500
Heljar Berge utkledd som konge med krone, langt hår og skjegg, med raud kappe.

Program:

Fredag 12.september

17.00: Besøk på NU-kontoret (valfritt)
18.00: Felles avreise til Rommen scene (valfritt)
19.00: "Ord for blod", Rommen scene (valfritt)

Laurdag 13.september

09.30: Teaterkurs med Heljar Berge
13.00: Lunsj
14.00: "Antigone in de Amazon", Det Norske Teatret
15.30: Omvising på Det Norske Teatret
17.00: Kursdag ferdig

Sundag 14.september

10.00: Teaterkurs med Heljar Berge
13.00: Lunsj
13.30: Korleis finne det "perfekte" manus? v/Dramas
14.00: Enkel, men effektiv scenografi v/Åshild Mjelde Nordås, rekvisitør Det Norske Teatret
16.00: "Europavisjonar", Det Norske Teatret (valfritt)

Kurset får støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon.

Meld deg på her

Pris NU-medlem: 500,- Pris ikkje-medlem: 1000,-

Teaterkurs med Heljar Berge

Heljar Berge er ein erfaren skodespelar, produsent, regissør og manusforfattar frå Sandefjord. Han har mellom anna lang fartstid i revygrupper på heile Austlandet, men har óg mykje erfaring med å jobbe med både profesjonelle og amatørar innan andre teatersjangrar. Heljar kjenner godt til ungdomslagsdynamikken og veit korleis amatørteatergrupper fungerer.

Denne helga vil Heljar ta i bruk ulike praktiske øvingar. Han vil bruke framsyningane ved Det Norske Teatret som utgangspunkt for diskusjon og refleksjon i gruppa. Han vil jobbe med gruppedynamikk og korleis ein kan bruke amatørteatergruppa sine ressursar på best mogleg måte. Kurset passar både for deg som har erfaring med instruksjon eller ønskjer å lære meir om korleis drive ei teatergruppe. Målet med kurset er at du skal kunne reise heim med fleire verktøy som du kan bruke i di eiga teatergruppe.

Kurs: Enkel, men effektiv scenografi

På dette kurset vil Åshild Mjelde Nordås lære deg korleis du kan skape scenografi, utnytte scenerommet og bruke rekvisittar. Ho vil snakke om fornuftig ombruk og gjenbruk av ting og materiale, og om korleis de i laget kan utnytte lokale ressursar.

Åshild Mjelde Nordås har ein Bachelor i scenografi frå Birmingham City University (UK) og ein Master i Produksjonsdesign frå American Film Institute i Los Angeles, har arbeidd som frilansar innan film, TV og Teater, og er no fast tilsett som rekvisitør ved Det Norske Teatret i Oslo

Åshild vil dele frå si rikholdige erfaring frå mellom anna arbeid hjå Riksteatret, Det Andre Teateret og Det Norske Teateret. Ho vil vise fram eksempel, dele idear til effektfulle måtar å tenkje scenerom, scenografi og bruk av rekvisittar på, snakke om korleis ein kan skape gode visuelle inntrykk på budsjett. Åshild fekk sitt første møte med amatørteater i Mjeldalden Ungdomslag og kjenner difor godt til både korleis ein kan drive amatørteater med dei ressursane ein har lokalt, og til korleis ei "typisk" ungdomshusscene ser ut og kan utnyttast på best mogleg måte.

Korleis velge det "perfekte" manus?

Dramas er ein manus- og rettighetstjeneste for amatørteatergrupper, skular og kulturskular i Noreg. I manusbasen til Dramas finn du om lag 3000 manustitlar som du kan bestille for lesing eller framsyning. 

Med så mange titlar å velje mellom, kan det vere utfordrande å finne det manuset som passer di gruppe best. Trine Brembo Stokland frå Dramas vil gi deg ei kort innføring i korleis bruke Dramas og kva dei kan hjelpe med.

Logo Det Norske Teatret

Framsyningar på Det Norske Teatret

Under helga har vi lagt inn tre framsyningar på Det Norske Teatret.

Framsyningane på fredag og sundag er valfrie, men vi anbefalar absolutt å få desse med deg, viss du har moglegheit til det. Framsyninga på laurdag er inkludert i deltakaravgifta.

Fredag: Ord for blod

Ord for blod er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades. (Det Norske Teatret, 2025)

NB: Denne framsyninga er på Rommen Scene, nord i Groruddalen.

Laurdag: Antigone in de Amazon

Antigone in de Amazon er ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret, skapt av den sveitsiske regissøren Milo Rau i lag med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa. (Det Norske Teatret, 2025)

Sundag: Europavisjonar

Europavisjonar er ein Eurovision-musikal, Eurovision Song Contest møtar politikk.

Billettar til framsyningane tingar du i påmeldingsskjemaet for helga. NB: Det er avgrensa tal billettar, så det er lurt å melde seg på tidleg.

Overnatting

Det kan vere lurt å vere ute i god tid for å finne rom i enkel avstand frå kurslokalet i Nordahl Bruns gate 22 og Det Norske Teatret. Som medlem av NU får du rabattar ved fleire hotell i Oslo.

  • 20% rabatt på Comfort, Quality og Clarion-hotell i heile Noreg
  • 15% rabatt på Bondeheimen i Oslo

Fleire arrangement

Sjå alle
Nettmøte

Nettmøte: nettsider for lokallaga

Digitalt

Møte

Troms Ungdomsfylking

Noregs Ungdomslag møter lokallaga i Troms

Bodø Folkedanslag

Søndagsdans 21.september 2025

  • kr 100,- (under 26 år kr 0,-)