Hopp til hovedinnhold

Bli med på NU-helga 2025!Påmeldingen stenger midnatt torsdag 9. oktoberNU-helga 2025

Nettmøte
  • Ungdomshus

Nabolagshus som lokalsamfunnsbyggar

Korleis kan ungdomshus og andre nabolagshus bli endå viktigare møteplassar for bygdene våre?

Velkomen til det første nettmøtet i nasjonal kunnskapsarena for nabolagshus!

  • Gratis
Biletet viser mange menneske som dansar i ring

I heile landet står ungdomshus, grendehus og samfunnshus som levande møteplassar. Dei er rom for kultur, fellesskap og bulyst, og er midtpunkt i bygder og nabolag. Vi veit at ungdomshusa er heilt avgjerande for levande lokalsamfunn. Difor treng vi å samle erfaringar, løfte fram gode døme og vise kva rolle desse husa kan spele i framtida.

Gjennom Huset i bygda har vi sidan 2010 samla kunnskap, laga verktøy og bygd opp den einaste nasjonale databasen over organisasjonseigde kulturhus. No har vi blitt med i samarbeidet om den nasjonale kunnskapsarenaen for nabolagshus, saman med blant anna So Central, Obos og Sparebankstiftelsen, for å styrke dette arbeidet. For Noregs Ungdomslag er desse husa sjølve grunnmuren i arbeidet vårt. Her får frivilligheita blomstre, vi møter kvarandre på tvers av alder og interesser, og identitet og kulturarv blir ført vidare.

Kunnskapsarenaen er ein møteplass der vi deler erfaringar, får fagleg påfyll og lærer av kvarandre. Her kan ungdomshus (og andre nabolagshus) hente inspirasjon, få nye verktøy og bygge nettverk som gjer drifta enklare og meir utviklande. Møteplassen er både ein nettstad med verktøykasse, digitale og fysiske samlingar og rådgjevingsteneste.

Nettmøtet handlar om korleis ungdomshus og andre nabolagshus kan vere motorar for sosial, demokratisk og berekraftig utvikling i sine lokalsamfunn.

Deltakarane får høyre erfaringar, lære meir om verktøy og praksis for involvering og drift – og ikkje minst bli del av eit fellesskap som vil styrke ungdomshusa saman.

Saman kan vi gjere ungdomshusa endå betre!

Meld deg på samlinga her!

Les meir om kunnskapsarenaen her

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs

Lista Ungdomslag

Onsdagsdans på Nortun

Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway

  • Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Kurs

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

Kurs

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).