Besøksrunde 2025: Inn-Trøndelag
Arrangør: Lånke Ungdomslag og Inn-Trøndelag Ungdomssamlag
Hausten 2025 kjem styremedlemmar og tilsette på besøk til laga.
- Trudvang, Sørsidevegen 82, 7517 Hell

Noregs Ungdomslag har i ei ekstra tildeling av midlar gjennom Frifond fått støtte til å arrangere regionale samlingar for tillitsvalde og medlemmar i lokal- og fylkeslaga.
I løpet av september og oktober skal styremedlemmar og tilsette reise rundt i Noreg og treffe så mange som mogleg av våre medlemslag. I samarbeid med fylkeslaga rundt om gjennomfører vi møte med tema og innhald etter lokallaga sine ønskje og behov.
10.september blir det møte i Inn-Trøndelag Ungdomssamlag. Det er Lånke Ungdomslag som er vertskap på sitt ungdomshus, Trudvang, i Hell.
Vi ønskjer medlemmar frå alle lokallaga i Inn-Trøndelag velkomen til eit hyggeleg møte.
Program:
DEL 1 - Kræskkurs i medlemssystemet Hypersys
Vi går igjennom det mest grunnleggande i Hypersys: korleis registere medlemmar, levere årsrapport og sende e-post til medlemmar. Har de spørsmål knytt til Hypersys? Ta med dei, så skal vi gjere så godt vi kan med å gi dykk svar.
DEL 2 - korleis designe plakatar og anna materiell til ditt arrangement?
I del to går vi kjapt igjennom korleis de kan bruke plattformen Canva til å lage plakatar osb. som de kan bruke i marknadsføring av laget.
Begge bolkane av møte legg opp til at de sjølv kan jobbe og stille spørsmål, så ta gjerne med ein PC de kan teste på.