Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2026praktisk informasjonLes meir her

Møte

Landsmøte 2026

Noregs Ungdomlag sitt landsmøte er organisasjonen sitt øvste vedtaksorgan, der utsendingar frå lokallag og fylkeslag samlast for å gjere vedtak om politikk, arbeidsprogram og val, og for å stake ut kursen for vidare arbeid.

Denne sida blir forløpande oppdatert med ny informasjon.

  • Dronning Eufemias gate 4
Bilete av mange landsmøtedeltakarar som held gule stemmelappar i lufta. Under er det tekst på gul bakgrunn der det står Landsmøte 2026, 18.-19. april, thon hotel opera, oslo

Velkomen til Noregs Ungdomslag sitt landsmøte 18.-19 april 2026 på Thon Hotel Opera i Oslo. Det kjem og til å bli arrangert ulike seminar fredag 17. april for ei som reiser inn til Oslo allereie då. Informasjon og påmelding for desse kjem.

Ordinær påmeldingsfrist var 25. mars, men vi har utvida påmeldingsfristen til 6. april. Merk at vi ikkje kan garantere overnatting på landsmøtehotellet til dei som melder seg på etter ordinær påmeldingsfrist.

Sakspapir

Du finn alle sakspapir til årets landsmøte her.

Der kan du lese dei direkte på nettsida, eller laste dei ned som PDF. Sakspapira blir kun delt ut i papirversjon til dei som har bedt om det i påmeldinga.

Program

Fredag 17. april

17:30: Felles avmarsj frå hotellet til seminara (📍Resepsjonen på Thon Hotel Opera, Dronning Eufemias gate 4)

18:00-20:00: Seminar

  • Broderi med Barbro (📍 NU-kontoret, Øvre Slottsgate 2B)
  • Søknadsskriving (📍 NU-kontoret, Øvre Slottsgate 2B)
  • Økonomi for lokallag (📍 NU-kontoret, Øvre Slottsgate 2B)
  • Folkepedia-verkstad (📍BLS, Blåsalen, Nordal Brunsgate 22)

18:00-21:00: Ungdomssamling (📍 NU-kontoret, Øvre Slottsgate 2B)

Det blir servert pizza etter alle seminar.

Laurdag 18. april

Alt på laurdag skjer på Thon Hotel Opera, Dronning Eufemias gate 4.

08:30: Registeringa opnar (📍Foajeen utanfor Flagstadsalen)

09:30-10:30: Seminar

  • Samling for fylkeslagsleiarar (📍møt opp ved Flagstadsalen)
  • Nytt brukargrensesnitt i Hypersys (📍møt opp ved Flagstadsalen)

10:30: Pause og videre registrering

11:00: Landsmøte (📍Flagstadsalen)

  • Opning av landsmøtet
  • Konstituering
  • Jubileumsføredrag:
    Verdien av organisasjonsarbeid med Jakob Bjerkem
  • La ungdom bli høyrt med Nestleiar Ida Haugen Skulstad
  • Panelsamtale

13:00: Lunsj

14:00 Landsmøtesaker (📍Flagstadsalen)

16:30: Møteslutt
Osb, landsmøtesaken vert rigga om og brukt til middag frå laurdag til sundag, så ta med deg sakene dine.

18:30: Festmiddag og dansefest (📍Flagstadsalen)

Sundag 19. april

09:00: Velkomen til ny møtedag (📍Flagstadsalen)

  • Inspirasjonsføredrag: Hugnad Ungdomslag
  • Inspirasjonføredrag: Fjærland Ungdomslag
  • Landsmøtesaker

10:30: Pause (hugs å sjekk ut frå hotellrommet)

11:00: Landsmøte fortsett (📍Flagstadsalen)

  • Dansefestar i ei ny tid med Tone Ingvaldsen
  • Landsmøtesaker

13:00: Lunsj

14:00: Landsmøtesaker (📍Flagstadsalen)

15:00: Takk for no og vel heim

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs
  • Folkedans

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans våren 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag fra
  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).
Kurs
  • Folkedans

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus vinter/vår 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag fra
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Kurs
  • Bunad og handverk

Kurs for ungdom: sy stakkeskjorte frå Hallingdal

Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgate 2B, Oslo

  • 1500,-. (2000,- for ikkje-medlemmar)