Vi har vore heldige å få med Elisabeth Mainy for å halde kurs i teaterasminke!
Elisabeth, også kjend som Mainyfx, er utdanna spesialeffektsminkør frå NISS og har jobba med film, tv og teater i 20 år. Ho begynte i 2004 som ein skulelei ungdomsskuleelev som fekk bli med eit turnéteater i praksis og frå der har karria tatt av i ein rasande fart. Med nærmere 200 produksjonar i inn- og utland har ho fått vise eit breitt spekter av sin kreative kompetanse.
På kurset vil du lære grunnleggande teatersminke og nokre enkle spesialeffektar med gode tips og triks til korleis du kan øve deg på å bli kjempeflink til å sminke. Det vil også vere moglegheit til å stille spørsmål undervegs, men viss det er noko heilt spesifikt du ønskjer at blir vist, er det fint om du sender inn på førehand via påmeldingsskjemaet og seinast sundag 14.juni.
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Familiedans for barn (3-10) med familie
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Gratis dans. Salg av pølser, kaker, kaffe og saft
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
