Nettmøte for barneleikarringar og juniorspelemannslag
Bli med på nettmøte om folkedans- og folkemusikkaktivitet for barn!
Du må melde deg på for å få tilsendt møtelenke.
- Teams
- Gratis

Noregs Ungdomslag inviterer dei som driv eller ønsker å drive med folkemusikk og folkedans for barn og unge til eit felles digitalt nettmøte.
Vi ønskjer å «måle temperaturen› på kva som rører seg på aktivitetsfronten for dei yngste og høyre kva behov våre medlemmar og medlemslag har. Er det noko NU kan gjøre meir eller mindre av for å støtte opp om etablerte og nye grupper som driv med folkedans eller folkemusikk for barn?
Kva er det våre lokallag treng frå NU sentralt for å kunne oppretthalde sine tilbod lokalt?
Korleis bør vi jobbe fram mot BARNLEK 2029 for at flest mogleg vil ta turen til Sarpsborg og stemnet der?
Desse og fleire spørsmål håpar vi å kunne drøfte i dette nettmøtet.
Møtet vil også kunne sette nye lag i kontakt med kvarandre og potensielt legge grunnlag for lokale og regionale samarbeid.
Møtet er ope for alle som driv med eller er interessert i folkedans og folkemusikk for barn og unge.
Har du spørsmål, ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol eller Solveig Brekke Hauknes.
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).