Hopp til hovedinnhold
Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Nettmøte: Momskompensasjon

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

  • Digitalt

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogeleg. Difor valte styret i Noregs Ungdomslag å gå over frå forenkla til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.

2023 var det fyrste året vi gjennomførte momskompenasasjon med dokumentert modell. Overgangen frå forenkla til dokumentert modell ga laga dobbelt så mykje tilbake i momskompenasasjon som med forenkla modell.

Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klar over at dette vil skape ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men då vi ser at det gagnar laga våre meir håper vi at de ser at det er verd bryet.

Vi har sett opp nettmøte med informasjon og rettleiing onsdag 5. juni kl. 19:00.

I tillegg kan laga ta kontakt på post@ungdomslag.no for å få hjelp til å vurdere transaksjonar og avkorting.

Du kan lese meir om momskompenasjon her.

Nettmøte finn stad på den digitale møteplassen Teams.

Fleire arrangement

Sjå alle
Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Opent NU-kontor

  • 0
Dansefest
  • Folkedans

BUL Sarpsborg

Sommardans på Greåker

Greåker Folkets Hus, Revyveien 2, Greåker

  • 100
Møte
  • Folkedans

Nettverksmøte folkedans

Digitalt på Microsoft Teams