Hopp til hovedinnhold
Leir
  • Folkedans,
  • Teater,
  • Bunad og handverk,
  • Levande kulturarv

Nordisk sommarleir

Bli med på Nordisk Sommarleir i Arendal 12.-16. juli 2024.

  • Myra skule og grendehus, Myraveien, 4848 Arendal
  • 2200,-/3200,-
ungdom som dansarungdom som dansar

Nordisk Sommarleir er for ungdom i alderen 13 til 26 år som vil fordjupe seg i dans, musikk, teater og/eller handverk. Dagane består av kurs på dagtid, og sosiale aktivitetar på kveldstid.

Til Nordisk Sommarleir kjem det deltakarar frå heile Norden; frå Finland i aust til Grønland i vest!

Leiren blir arrangert 12.-16. juli 2024 på Myra skule og grendehus i Arendal.

Kurs og sosiale aktivitetar

Du kan delta på følgande langkurs under sommarleiren:
- Folkedans for erfarne med Audun Grüner-Hegge
- Halling med Ulf-Arne Johannessen
- Samspelkurset "Lyden av Norden" med Gard Nergaard
- Musikal med Kari Wist Holmen
- Søm og redesign med Gro Ebbestad

I tillegg kan ein velge mellom fleire kortkurs ein av dei tre kursdagane.

Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet.

Overnatting

Overnatting skjer på klasserom med madrass/sovepose. Vi oppmodar deltakarar til å ta med utstyr sjølv, men leiger også ut til dei som har behov for dette.

Vi legg til rette for at ein kan bu med dei samme folka også under NORDLEK, men kan ikkje garantere samme skule som under sommarleiren.

Påmelding og pris

Alle som skal delta på sommarleiren må melde seg på via skjema her. Påmelding opnar 1. desember 2023, og har påmeldingsfrist 1. mars 2024.

Pris inkluderer kurs, utflukt, sosiale aktivitetar, mat, overnatting i klasserom 12.-16. Juli.

Medlem i Noregs Ungdomslag eller Nordlek: 2200,- NOK
Ikkje-medlemer betaler 1000,- NOK i tillegg.

NORDLEK 2024 - gratis for leirdeltakarar

På nordisk sommarleir er det og mogleg å forlenge leirfølelsen ei veke ekstra. Rett etter leiren startar den nordiske festivalen NORDLEK der deltakarar frå alle dei nordiska landa kjem til Arendal for dans, spel og sosialt samvær.

Alle som deltek på Nordisk Sommarleir får gratis festivalpass på NORDLEK 16.-21. juli i Arendal. Du må fyrst melde deg på nordisk sommarleir. Etter påmelding får du ein rabattkode tilsendt på mail. Denne bruker du ved påmelding til NORDLEK via skjema på denne sida.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs
  • Bunad og handverk

Nettmøte: Bunadskafé

Kurs
  • Ungdomshus

Nettmøte: HMS på 1-2-3

Møte

Landsmøte 2024

Dronning Eufemias gate 4