Hopp til hovedinnhold
Kurs
  • Folkedans

Seminar: Dei tok oss med i dansen

Velkomen til danseseminaret "Dei tok oss med i dansen" i Trondheim!

  • BUL-salen, Søndre g 22B, 7010 Trondheim
  • 300,-/500,-
Bilde av folk som dansar og Klara SembBilde av folk som dansar og Klara Semb

1.-3. mars 2024 arrangerer Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Noregs Ungdomslag seminar med dansefordjuping og repertoar for fellesskap og samværsdans i dansetypar med ufortent dårlig rykte. Gjennom seminaret skal vi hylle den store danseformidlaren og innsamlaren Klara Semb, som ville vore 140 år i 2024. Seminaret vil ha ei todelt fordjuping der vi både tek for oss det enkle, og fordjuper oss i avanserte steg og rytmar.

Målgruppa for seminaret er kunnskapsrike folkedansarar som ønsker å vite meir om kva slags norsk repertoar dei kan bruke som oppvarmings- og fellesskapsdansar. Seminaret er også for dei som ynskjer å få eit overblikk, og ei fordjuping i noko av dette repertoaret. Seminaret egner seg for folkedansaren og folkedansinstruktøren; både til dei som instruerer barn og unge, og dei som har ein meir vaksen målgruppe.

Program

Seminaret skjer fredag til sundag og vi vil gjerne at du er med heile helga. Kan du berre delta deler av helga skal det også gå fint.

Førebels tidsramme:
Fredag: 19-21
Laurdag: 09:30-16
Sundag: 10-14

Sosialt laurdag: Dansefest i BUL-salen kl. 19

Innleiarar

Du vil møte fleire ulike instruktørar og mentorar gjennom helga. Mellom anna: Vegar Vårdal, Siri Mæland, Torbjørn Bergwitz Lauen, Tone Erlien Myhrvold, Marianne Dahl, Torill Aasegg, Einar Olav Larsen med fleire.

Påmelding

Påmeldingsfrist er onsdag 14. februar innan kl. 23:55.

Overnatting

Vi har avtale med Quality Hotell Augustin og har reservert rom til denne helga. Du må bestille overnatting sjølv innan 9. februar. Lenke til booking får du på e-post etter påmelding til seminaret.

Spørsmål kan rettast til:

  • Solveig Brekke Hauknes: solveig@ungdomslag.no
  • Birgit Haukås: birgit@folkemusikkogfolkedans.no

Fleire arrangement

Sjå alle
Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Opent NU-kontor

  • 0
Kurs
  • Bunad og handverk

Fagdagar i bunad og folkedrakt

Thon Hotel Vettre, Asker