Årsrapport 2023: Tradisjon, dugnad og danseglede i eit heilt land
2023 har vore eit år fylt til randen med kultur, samhald og fleire dugnadstimar enn dei fleste tør telje. I kulturhus og ungdomshus, i opplyste gymsalar og klasserom, har har medlemmar i alle aldre dansa, sydd bunadar, vore på kurs, laga teater og fått nye vener. Her er ei oppsummering av dette spennande året, der kvar lokal dansefest og dugnadstimar har spelt ei rolle i å skape levande lokalmiljøe i heile landet.
Dette er ei oppsummering av informasjonen vi har fått inn i årsrapportane laga har sendt inn for 2023. Du kan lese ein meir utfyllande rapport her.
Fylkeslag og lokallag på heiletid
Med dei 17 fylkeslaga og 312 lokallaga dekker Noregs Ungdomslag nesten kvart einaste hjørne av landet. Dei fleste laga eig og heile eller delar av eit hus - så er er det både vedlikehald, rydding og oppussing som er i fokus i tillegg til festane og kursa. Totalt har laga rapportert inn heile 185 388 dugnadstimar.
Lokallaga har laga arrangement og samlingar for folk i alle aldrar. Her er det alt frå jonsokfeiring og juletrefestar, til 17.mai-arrangement, kulturkveldar, kvissar og bingo. Alt dette hadde ikkje vore mogleg utan dei mange som bruker fritida si på å bidra!
Kursa som held tradisjonane levande
Laga i Noregs Ungdomslag har arrangert, med støtte frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon, arrangert heile 527 kurs på tvers av ulike fagfelt i 2023. Bunadsaaum, strikking, broderi, veving og mange fleire tema, har ført til nye vennskap og mykje læring.
Dette er kurs som er rapportert inn til Studieforbundet Kultur og tradisjon, og har motteke vaksenopplæringsmidlar. Du finn meir informasjon om dette her.
Folkedans på tvers av generasjonar
Dansen står sentralt i mange lokallag. I 2023 har lokallaga arrangert 4086 danseøvingar. Frå små barn til vaksne har fått svingt seg til både runddans, gamaldans, stildans, bygdedans og til og med litt swing og linedance. Om vi ser for oss alle som dansar runddans på same tid, er det kanskje nærmast som å sjå Noregs eige diskukule i aksjon.
Dansefestane har vore mange, heile 186 i løpet av året! Nokre lag rapporterer at dei og har fast program med sosiale aktivitetar etter øvingane, som styrkar det sosiale samhaldet i laget.
Musikk og song: En lyd av lokalmiljøet
Tonane blir spelt igjennom heile Noregs Ungdomslag. Med trekkspel og toradar, til fele, hardingfele, gitar og bass, har laga skapt lydbilete til mange gode øyeblikk. Over 1 400 øvingar har blitt rapportert i 2023, og med heile 1 027 deltakarar er musikkinteressen i Noregs Ungdomslag stor.
Kor og spelemannslag er det og fleire som rapporterar på. Musikkaktiviteten i Noregs Ungdomslag rommer og sjangrar som moderne pop og jazz.
Teater og scene: Ein norsk teatertradisjon på sitt beste
Mange av laga har aktivitet som foregår på ei scene, og 2023 var eit aktivt år for dei teaterinteresserte laga i Noregs Ungdomslag. Med totalt 91 teatergrupper og nesten 2 000 på scena, har dette året sett alt frå lokale revyar og skodespel, til julekalenderar og videoproduksjonar.
Teatertradisjonen i Noregs Ungdomslag handlar ikkje berre om skodespel, men og om å ta del i noko større. Mange av laga melder om at teaterarbeidet er ei kjelde til samhald og fellesskap, og fleire grupper opplever vekst. Mange ser tilbake på 2023 som eit år med rekruttering og ny interesse for scenekunsten.
Hus: Hjarte i mange av lokallaga
For mange av lokallaga i Noregs Ungdomslag er huset ikkje berre noko praktisk, ein plass å vere, men sjølve hjarte i laget. Det er her folk samlast for kurs, festar, dugnad, øvingar og andre arrrangement - dei små lokala som lyser opp bygdene, er meir enn berre bygningar. Dei er ein heim for tradisjonar og ein stad for nye minne.
I 2023 rapporterte 134 lag at dei eig sine eigne hus, eller deler at eit. Men å ta vare på desse husa krev innsats, tid og pengar. Vedlikhald, oppgradering og drift er ei stor oppgåve som lokallaga ikkje tek lett på. Frå skifte tak og reparere vindauge til å sørge for trygge el-annlegg og god oppvarming, handlar det om å gi nytt liv til historiske bygg som ofte har tent lokalsamfunnet i generasjonar.
Konklusjon
2023 har vore eit storslått år for dei fleste laga i Noregs Ungdomslag, som med imponerande innstas har halde norske tradisjonar og kulturarv levande - frå dans og musikk til handverk og teater. Når vi ser tilbake på årets som gjekk, ser vi og fram til endå meir aktivitet i laga, der fleire kan oppleve det fine med norsk tradisjonskultur, fellesskap og glede i lag i mange år framover.
Fleire aktualitetar
Sjå alleKom med innspel til nytt folkedansråd
Kom med innspel på kandidatar til nytt folkedansråd!
8. november 2024
Peparkakedraumen som vart røyndom: restaureringa av Trudvang
Malene Westengen Helle og Ida Søderstrøm frå Dale Ungdomslag bygde ein miniatyrversjon av det gamle ungdomshuset Trudvang i peparkakedeig – og ei enkel idé fekk snart stor betydning.
5. november 2024
Høyringssvar: endring av spelemiddelordninga for anlegg til idrett og fysisk aktivitet
Spelemiddelordninga til idrettsformål har sidan 1948 vore statens sin viktigaste reiskap til å bygge og rehabilitere anlegg til idrett og fysisk aktivitet i kommune-Norge. Dette gjeld både nasjonale idrettsanlegg, ordinære anlegg og nærmiljøanlegg.
4. november 2024