Deltidsemne i folkedans
No kan du studere folkedans på deltid hausten 2024 og våren 2025 i Rauland.

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Campus Rauland lyser no ut to enkeltemner i folkedans som du kan sende inn søknad til!
Eigentleg skulle bachelor i folkedans som utøvande studie starte opp hausten 2024, men det var diverre eit lågare søkartal enn vi hadde håpa på. Vi veit at det er fleire interesserte kandidatar og eit skrikande behov for utdanna folk på feltet, og satser på ein betre prosess fram mot hausten 2025 for å rekruttere fleire studentar.
Campus Rauland vil no lyse ut nokre av emna i utdanninga som eit samlingsbasert deltidsstudium, og på den måten nå ei målgruppe som lenge har venta på dette studiet, men som no har ein livssituasjon som ikkje gjer det mogleg å studere på fulltid. På den måten vil vi både kunne gi eit etterlengta tilbod, samt kome i gong med deler av det fyrste året i bachelorstudiet. Rauland vil for neste studieår vurdere å samkøyre opptak til dette studiet samstundes med andre utøvande utdanninger, samt sikre betre marknadsføring av studiet ut til dei aktuelle målgruppene for studiet.
Tilbyr å studere folkedans på deltid frå hausten
USN tilbyr to emner på 15 studiepoeng som deltidstudie i folkedans. Begge desse emna vil bli organisert med undervisning på samlingar for å legge til rette for at dette kan kombinerast med jobb eller andre studier.
Haust 2024 tilbyr dei emnet «Tradisjonskunnskap folkedans, basis» samling veke 36, 42 og 50
Vår 2025 tilbyr dei emnet «Tradisjons, bevegelse- og musikkanalyse» samling veke 4, 11 og 23 (med atterhald om endringar).
Interesserte søkarar kan sende inn søknad via skjema på denne sida.
Bachelor i 2025
Campus Rauland fortel at dei framleis er optimistiske og gler seg til å kome i gang med å kunne tilby eit bachelorstudium i folkedans, sjølv om det ikkje blir full oppstart hausten 2024. Veit du om kandidatar som kan tenke seg å gå ein bachelor bør du tipse dei om å søke til vinteren att for studieåret 2025/2026.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


