Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Det er tid for Frifond

No kan lag som har aktivitet for barn og unge søke Frifond.

Barn som danser

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Har laget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod for desse? Då kan se søke Frifond.

Søknadsfrist 1. oktober.

Du finn meir informasjon om Frifond, retningslinjane og søknadsskjema her.

Rapportering

Snart er det og tid for å rapportere på Frifond-tilskotet de fekk i 2023. Meir informasjon om rapporten kjem.

Eit årshjul med Frifond

For dei som fekk tilskot i 2023

  • 1. oktober 2023: Søknad frå lokallag til NU
  • 10. desember 2023: Laga får svar på søknaden
  • 31. desember 2023: Siste frist for utbetaling til laga
  • 31. oktober 2024: Frist for å bruke opp pengane.
  • 1. desember 2024: Frist for rapport til NU på tilskot søkt på i 2023.

Tilskotet skal bli brukt i perioden 31.10.2023-31.10.2024, same datoane gjeld for dei som søker om Frifond i 2024.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

frifond | Noregs Ungdomslag