Dette skjedde på landsmøtet
Oslo, 26.–27. april – Med folkedans i beina, framtidsvisjonar i hovudet og 83 røysteføre delegatar i salen, gjekk landsmøtet til Noregs Ungdomslag av stabelen på Thon Hotel Opera i Oslo. Møtet ga på både inspirasjon, politiske vedtak og nytt fjes i leiarstolen.

Bunader, berekraft og bunadskafé
Laurdagen starta med kulturelt påfyll frå både Sogn og Fjordane Ungdomslag og Dansens Dager-ambassadør Silje Onstad Hålien. I tillegg fekk deltakarane smake på alt frå bunadskafé-oppskrift til berekraftige ungdomshus i ein organisatorisk sirkeltrening utan svetteb. Hellfjell Ungdomslag fekk publikum til å dra på smilebandet, og fleire lag delte sine lokale bragder – alt frå filmkveldar til ungdomsdelegatar på klimatoppmøte.
Leiarstol i bevegelse
Etter seks år som leiar takka Torbjørn Bergwitz Lauen for seg med stil, og inn kom Tone Mjelde frå Hordaland Ungdomslag som nyvald leiar. Med seg fekk ho eit nytt styre, ferske vara og ei valnemnd som ser ut til å ha truffe blink.

Dette er resten av styret i Noregs Ungdomslag etter årets landsmøte:
Politisk nestleiar og AU-medlem:
Ida Haugen Skulstad(2003), Hordaland Ungdomslag, supplering1 år
Organisatorisk nestleiar og AU-medlem:
Torgeir T. Fiane (1994), Aust-Agder Ungdomslag,ny 2 år
Styremedlemmar og vara til AU:
Marit Kvamen (1993), Hordaland Ungdomslag, ikkje på val
Terje Svindseth (1969), Bygdelagssamskipnaden, supplering 1 år
Styremedlemmar:
Tonje Johannessen Stabbetorp (1999), Eidsiva Fylkeslag, ny 2 år
Roy Arne Brubakk (1963), Nordland Ungdomslag, ny 2 år
Varamedlemmar:
- vara: Marie Nicolaisen (1985), Bygdelagssamskipnaden, ny 1 år
- vara: Veronika Hope Lilleng (1995), Troms Ungdomsfylking, ny 1 år
- vara: Anne Cathrine Johansen (1978), Bygdelagssamskipnaden, ny 1 år
To fråsegner – eitt tydeleg budskap
Landsmøtet vedtok to kraftfulle fråsegner:
«Demokratisk beredskap – vår kvardag og vårt ansvar» understrekar at demokratiet må byggjast nedanfrå – i korøvingar, styremøte og dansekveldar. Her blir det slått fast at frivillig organisasjonsliv er ein grunnmur i demokratiet, og at dette livet må vernast og styrkast i møte med polarisering og passivitet.
«Kulturhusa som hjarta i lokalsamfunnet» set søkjelyset på over 5000 organisasjonseigde kulturhus som står spreidd rundt i landet – som sårbare, men livskraftige møteplassar. Landsmøtet krev ein nasjonal strategi, betre tilskot og styrka kompetanse for å sikre framtida til desse kulturberarane.

Festmiddag og prisutdeling
Laurdag kveld var det festmiddag for deltakarane på landsmøte. Under denne festmiddagen underhaldte ein gjeng ungdommar frå Mjeldalen Ungdomslag, nokon blei takka av for innsatsen sin i styret. Men ikkje minst: kåring av Kven Veit-vinnarar og Årets lokallag 2024 skjedde.
Les meir om resultatet frå Kven Veit? her.
Prisen for årets lokallag blei i år delt ut for tredje gong, og det var UL Skjoldafjord som stakk av med det gjeve sigeren. Du finn grunngjevinga til juryen her.

📎 Vedlegg:

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

