Hopp til hovedinnhold
Reportasje
Frå Mjøsspirene

Ei veke i musikalane si verd!

Mjøsspirene, eit nyoppretta ungdomslag utanfor Gjøvik i Innlandet, har i 2023 for første gong stått som arrangør av sommarmusikalskulen Musikalenes Verden.

Ungdommar i Mjøsspirene under musikaløving

Ideen til Musikalenes Verden er det kunstnarisk leiar Heidi Harriet som står bak. Den kom etter erfaringar med å sjå barn og ungdom stå på ei scene utan å skikkeleg kunne det dei skulle gjere.

- Vi tek ungane på alvar, fortel Heidi. - Vi vil ikkje at nokon skal behøve å gå opp på ei scene og føle at dei ikkje kan det dei skal vise fram, legg ho til og fortel at dei er veldig opptekne av fellesskap og tryggleik.

t

For dei som ikkje kjenner til Musikalenes Verden, så er det ei dryg veke med sommarskule for barn og ungdom. I år er yngste deltakar åtte år, medan eldste deltakar er 28. Den yngste gruppa, ministjernene, er rekordstor i år og mange av dei litt eldre deltakarane har vore med fleire gongar tidlegare. Det både lovar godt for rekrutteringa av nye deltakarar og er eit kvalitetsstempel på prosjektet.

Etter 19 år med sommarmusikalskule har dei som driv prosjektet sett ei god utvikling. Ikkje berre fyllar dei dei drygt 60 deltakarplassane, men nivået har auka.

- Det er mellom anna fordi vi jobbar så intenst og målretta gjennom ei heil veke, forklarar Heidi. - Både deltakarar og instruktørar hamnar i ei musikalboble der ein berre fokuserer på det ein skal lære og stenger resten av verda ute, legg ho til.

I tillegg er Heidi oppteken av at det skal vere høg kvalitet og profesjonalitet. Ikkje berre på instruktørane, men også på rammene rundt og sluttproduksjonen, som er eit musikalshow. Det betyr at det blir stilt krav til deltakarane om å vere kopla på og bruke veka si godt til å øve inn det dei skal kunne.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Ei veke i musikalane si verd! | Noregs Ungdomslag