Fagdagane engasjerte
Fagdagane i bunad og folkedrakt er årets høgdepunkt for alle i bunadbransjen. Årets arrangement fann stad i Asker siste veka i oktober, og samla kring 130 bunadsfolk. Mellom dei var både bunadtilverkarar, representantar for organisasjonar, leverandørar og heilt vanlege entusiastar.
Tekst: Helene Henriksen og Torunn Elise Kveen
Fagdagane er eit årleg arrangement som blir til i samarbeid mellom Norsk folkedraktforum, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norges Husflidslag. Over to dagar blir fagområdet bunad utforska, diskutert og feira. I år var engasjementet og forventningane kanskje ekstra høgt. Om vel ein månad er det nemleg forventa at bunadbruken skal stå innskriven på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv.
Inviterte til fest
Dette var også tema for opningsinnlegget, etter at stortingsrepresentant Tage Pettersen frå Familie- og kulturkomitéen hadde varma opp forsamlinga med både humoristiske og innsiktsfulle betraktningar kring bunad. Solveig Grinder frå Norges Husflidslag oppmoda alle om å bli med på den store bunadfesten 6. desember. Då er det venta at innskrivinga skal vere eit faktum, og målet er å få til feiringar ikkje berre i Paraguay og Oslo, men over heile landet.
Frå mote til folkedrakt
Undertittel for årets fagdagar var «Frå den store verda til norske bygder: moteimpulsar». Dette temaet vart grundig gjennomgått av Camilla Rossing, leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho geleida forsamlinga gjennom dei ulike europeiske stilperiodane, og viste korleis dette enda opp i liknande trekk i folkedraktene i nord. Kristin Gulbrandsen, også frå instituttet, tok for seg ei liknande reise, men konsentrert om det viktigaste plagget i garderoben til folk – nemleg hovudplagget.
Ranghild Hutchinson frå Tidvis gav mellom anna eit spennande innblikk tollister dei har har digitalisert og gjort tilgjengelige. Her kan ein sjå kva slags stoff og tekstilar som vart innført til ulike delar av landet. Historikar Åsa Elstad tok oss med til Nord-Noreg, og viste at dette slett ikkje var nokon motemessig avkrok. Væreigarane valde ofte å vise fram rikdomen sin med «iøyefallende sløseri», som resulterte i overlag pyntesjuke nordlendingar i dei øvre sosiale laga.
Plagganalyse og kurs
Fagdagane er ikkje berre teoretiske foredrag, og ein populær programpost var plagganalysene. Der fekk deltakarane studere utvalde historiske plagg saman med kunnige konservatorar, og stille spørsmål om alle dei spennande detaljane.
Dei første to timane av dag to var sett av til praktiske kurs i ulike broderi- og bandteknikkar knytt til bunader og folkedrakter. Også dette er ein populær programpost, og alle kursa tidleg var fullteikna. Lynkursa gav ei rask innføring i teknikkane tamburering, pinneband, silkebroderi, smøyg, brikkevev og analysering av grindvevde band. Mange av teknikkane har få tradisjonsberarar, og håpet er at den vesle prøvelappen skal gi meirsmak, slik at fleire ønskjer å tileigne seg denne kunnskapen, og føre den vidare.
Som alternativ til kurs kunne ein og velje å delta i ei diskusjonsgruppe om bunadbruk. Her var det tida etter UNESCO-innskrivinga som var tema, då skal organisasjonane ha klar ein handlingsplan for vern og vidareføring av bunadbruk og -produksjon, og deltakarane vart tatt med i diskusjonen om dette. Tema som der mellom anna var oppe var korleis vi kan nå ut og vera synlege med felles stemme og marknadsføring, litt slik som kampanjane til den norske bonden. Kan kurs i bruk av sosiale medium ein av fleire vega å gå? Rekruttering var og tema. Kan og bør noko gjerast med rådgjevingstenestene rundt om på skulane for å få fleire inn i handverkyrka? Moms og lærarkompetanse var drøfta, og verdien av omsaum og reparasjon i eit berekraftsperspektiv.
Viktig møteplass
Ein av dei viktigaste funksjonane til fagdagane er å vere arena for erfaringsutveksling og nettverksbygging. Bunadspraten gjekk livleg gjennom heile arrangementet, og kanskje aller mest under festmiddagen, då dei aller fleste hadde pynta seg i bunad. Innimellom serveringa fekk vi heldigvis bekrefta at ChatGTP ikkje kan måle seg med menneskeleg kreativitet, og vi fekk ei reise landet rundt på jakt etter raudlisteteknikkar i bunadane folk hadde på seg.
Ekstra gledeleg er det å sjå at rekrutteringa til arrangementet er god. Det var i år fleire unge lærlingar som deltok, og bidrog til å trekke ned gjennomsnittsalderen. Det gir optimisme og håp for rekrutteringa til faga knytt til bunadsproduksjon i Noreg. Aller mest imponerte kanskje 13 år gamle Even Stridsklev, som hadde laga sine eigne kruseringar til telemarksbunaden sin!
Fleire aktualitetar
Sjå alleÅrsrapport 2023: Tradisjon, dugnad og danseglede i eit heilt land
2023 har vore eit år fylt til randen med kultur, samhald og fleire dugnadstimar enn dei fleste tør telje. I kulturhus og ungdomshus, i opplyste gymsalar og klasserom, har har medlemmar i alle aldre dansa, sydd bunadar, vore på kurs, laga teater og fått nye vener. Her er ei oppsummering av dette spennande året, der kvar lokal dansefest og dugnadstimar har spelt ei rolle i å skape levande lokalmiljøe i heile landet.
19. november 2024
Kom med innspel til nytt folkedansråd
Kom med innspel på kandidatar til nytt folkedansråd!
8. november 2024
Peparkakedraumen som vart røyndom: restaureringa av Trudvang
Malene Westengen Helle og Ida Søderstrøm frå Dale Ungdomslag bygde ein miniatyrversjon av det gamle ungdomshuset Trudvang i peparkakedeig – og ei enkel idé fekk snart stor betydning.
5. november 2024