Hopp til hovedinnhold

Fråsegner frå landsmøtet 2024

Landsmøtet 2024 vedtok fire fråsegner, som er politikk eller uttalelsar frå Noregs Ungdomslag. Les dei her!

FotoFoto

Kulturarv vert øydelagd av krig og konflikt

I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ekspertorganisasjon av UNESCO. Denne anerkjenninga stadfester organisasjonen sin status og posisjon innan opplæring, prosjekt, arrangement og opplysningsarbeid innanfor tradisjonshandverk, folkemusikk, folkedans, teater og språk.

Noregs Ungdomslag har eit langt samarbeid med nordiske søsterorganisasjonar. Gjennom forbundet Nordlek har vi sidan 1920 samarbeidd om arrangement med deltakarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island og Færøyane. Vi er også engasjert i felles prosjekt, informasjonsarbeid og kurs, samt arbeid retta mot barn og unge. På teaterfeltet samarbeider vi med teaterorganisasjonar i alle dei nordiske landa.

Samstundes må vi erkjenne at vi lever i urolege tider, med konfliktar i Europa, Gaza og Midtausten som truar freden. Dessverre er det alltid sivilbefolkningasom vert råka hardast av krig og ufred - dei fattige og dei som ikkje kan rope høgast!

Russlandbombar kulturminnei Ukraina.Taliban forbyr ungdom å praktisere tradisjonell musikk i Afghanistan.Den palestinske kulturarven vert rasert i Gaza.Dette går utover samhald og felles identitet til dei som bur i krigsområda. Øydelegging av kulturarv vert brukt som eit våpen i desse konfliktane. Dette bekymrar UNESCO djupt.

Å ivaretakulturarven er eit felles ansvar, særleg når ho er truga. Dette ansvaret har dei fleste nasjonane i verda forplikta seg til gjennom Haag-konvensjonen om vern av kulturverdiar i væpna konfliktar. Konvensjonen slår fast at øydelegging av kulturminne i krig er ei krigsforbryting.

Kultur har ei unik kraft til å foreine menneske og medverke til samfunnsutviklinga. Kultur skaper møteplassar og aukar merksemda vår når vi deltek i den. Samstundes vert den demokratiske grunnmuren truga når frivillige organisasjonar forsvinn. Å vere akkreditert i UNESCO inneber eit ansvar.Difor oppmodar Noregs Ungdomslag både staten og frivillige kulturorganisasjonar i Noreg til å engasjere seg i protest mot den systematiske øydelegginga av samfunnet sin hukommelse - enten det skjer i Ukraina, på Gazastripa, i Afghanistan eller andre stadar i iverda.

Last ned fråsegna her.

Eit løft for kulturlivet

Noregs Ungdomslag er ein landsdekkande kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Vi er akkreditert som ekspertorganisasjon av UNESCO. Denne anerkjenninga stadfester organisasjonen sin status og posisjon innan opplæring, prosjekt, arrangement og opplysningsarbeid innanfor tradisjonshandverk, folkemusikk, folkedans, teater og språk.

Trass stor motstand frå kulturlivet reduserte den dåverande raudgrøne regjeringa i 2011 kulturen sin del av tippemidlane kraftig, mens idretten sin del av tippemidlane vart tilsvarande auka. Under handsaming av regelendringa lovde fleirtalspartia at kulturlivet sitt tap av spelemidlar skulle kompenserast gjennom statsbudsjettet. Dette skjedde ikkje og konsekvensen ser vi gjennom aukande utarming av både det profesjonelle og frivillige kulturlivet.

I ei tid med økonomisk dyrtid der stadig menneske fell utanfor, er det viktigare enn nokon gong at kulturlivet vert sikra rammevilkår som gjer at dei kan inkludere alle - uavhengig av økonomi og sosial status.

Overskotet til Norsk Tipping skal være med å finansiere idrett, humanitære organisasjonar og kultur. Allereie i 1992 vedtok Stortinget forskrift for spelemidlar til idrett. Dette vart fylgt opp med forskrift for spelemidlar til samfunnsnyttige og humanitære formål. Forskriftsfestinga har vore viktig for å gje legitimitet og tydeleg retning på korleis midlane skal brukast innafor desse sektorane. Samstundes har det gitt overskotsmottakarane medverknad, autonomi, føreseileghet og handlingsrom i sitt arbeid.

I løpet av 2024 vil Kulturdepartementet bruke nærare 1 milliard kroner til kulturformål finansiert av spelemidlar. Av desse går om lag 40% midlertidig til offentleg kulturproduksjon.

Det er på tide å få eit tydeleg skilje mellom finansiering av offentlege formål innanfor kulturlivet handsama i statsbudsjettet, og kva som bør finansierast over spelemidlane. Det er difor ikkje til å forstå at regjering og kulturdepartementet ikkje ønskjer å likebehandle kulturlivet, ved å forskriftsfeste bruken av spelemidlar til kulturformål.

Noregs Ungdomslag forventar at stat og regjering vedtek forskriftsfestingav spelemidlar til kulturformål der overskotet i sin heilskap er øyremerka det sivile samfunn, frivilligheita og andre ikkje-kommersielle kulturformål.

Samanfatta forventar Noregs Ungdomslag at stat og regjering forskriftsfestar:

  1. Bygg, arenaer og utstyr til kunst- og kulturlivet.
  2. Frivillige organisasjonar for kunst- og kulturlivet.
  3. Aktivitetar organisert og utført av det frivillige kulturlivet aleine eller saman med profesjonelle utøvarar.
  4. Andre frivillige organiserte kulturformål.

Last ned fråsegna her.

Læremidla må ligge føre på både nynorsk og bokmål på same tid

I 2023 fekk Jon Fosse Nobelprisen i litteratur. Utan sidestilling av nynorsk og bokmål i læreverk, får vi neppe oppleve ein ny nobelprisvinnar i litteratur som skriv nynorsk.

Språk er ein viktig kulturbyggar og identitetsskapar og fremmar gode og levande miljø i bygd og by.

Stadig fleire av læremidla blir digitalisert. Stortinget har vedteke at bokmål og nynorsk er jamstilte språk, og i den nye Språklova frå 2021, har nynorsk som minoritetsspråk eit ekstra vern. Mellom anna skal det offentlege særskild fremja nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Opplæringslova, vedteken i 2023, har likevel ikkje noko krav om at læringsressursane skal vere tilgjengelege på bokmål og nynorsk på same tid. Dette forsterkar forskjellen mellom bruken av skriftsspråka.

I den fagpolitiske plattforma vår erkjenner vi at dialekt og nynorsk er ein viktig del av kulturarven vår, som vil sikre både i samtida og framtida. Noregs Ungdomslag er difor uroa over nynorsken sin plass i dei digitale læringsmidla.

Vi kan ikkje godta at nynorskelevar får dårlegare opplæringstilbod enn bokmålselevar alle læremiddel som skal nyttast må difor vere tilgjengeleg på begge skriftspråk til same tid.

Last ned fråsegna her.

Kvifor skal elevar få fråvær for engasjement?

I dag har elevar i vidaregåande skule rett til inntil ti dagar gyldig politisk og organisatorisk fråvær, i tråd med §3-45 i forskrifta til Opplæringslova. Dette fråværet omfattar arbeid som tillitsvalt, hjelpearbeid, representasjon på nasjonale og/eller internasjonale arrangement, eller anna politisk arbeid, utan at det tel mot fråværsgrensa.

No føreslår Utdanningsdirektoratet å auke fråværsgrensa til 15%, og at all form for fråvær skal teljast. Dette inneber at ordninga med gyldig politisk og organisatorisk fråvær blir fjerna, og at det vil bli vanskelegare for skuleelevar å delta på landsmøte, styremøte, nasjonale konferansar, høyringar og andre demokratiske aktivitetar som skjer i skuletida.

Aktivtengasjement i lag og organisasjonar har ei viktig historisk rolle i å utvikle Noreg til eit folkeleg demokrati med brei deltaking.Noregs Ungdomslag har difor, saman med 61 andre barne- og ungdomsorganisasjonar, signert eit opprop der vi ber kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun om å oppretthalde ordninga med gyldig politisk og organisatorisk fråvær i vidaregåande skule.

Forslaget om å fjerne denne ordninga truar barn og unge sin rett til å heva røystene sine, delta aktivt i demokratiet og ha innverknad i saker som angår dei. Ungdom er alt for lite representert i demokratiske avgjerdsprosessar, sjølv om dei vil leva lengst med konsekvensane av dagens avgjerder. Difor må regjeringa sikra at ungdomsmeiningar kan bli høyrde på andre måtar – noko som den gyldige politiske og organisatoriske fråværsordninga gjer.

Den noverande fråværsregelen gir elevar moglegheit til inntil ti dagar gyldig fråvær for politisk og organisatorisk aktivitet, utanom fråværsgrensa. Å sidestilla dette fråværet med andre typar fråvær vil straffa dei elevane som vel å engasjera seg. Det er skilnad mellom politisk og organisatorisk fråvær og anna type fråvær, og denne skilnaden bør reflekterast i fråværsreglane.

Vi oppfordrarKunnskapsdepartementet til å halde fram med ordninga med gyldig politisk og organisatorisk fråvær i vidaregåande skule. Ungdom sine røyster tel, og deira deltaking er avgjerande for eit levande demokrati og for aktive organisasjonar.

Last ned fråsegna her.

Fleire aktualitetar

Sjå alle