Fråsegner frå Landsmøtet 2025
Landsmøtet 2025 vedtok to fråsegner. Les dei her!

DEMOKRATISK BEREDSKAP
– vår kvardag og vårt ansvar
Landsmøtet til Noregs Ungdomslag i 2025 blir halde i ei tid som kan kjennast uroleg og utrygg. Europa opplever konfliktar vi trudde høyrde historia til. Tryggleiken vi har bygd samfunnet vårt på, er ikkje lenger sjølvsagt. Når gamle allierte vaklar, når retorikken blir skjerpa, og når skiljelinene mellom folk blir djupare, må vi spørje oss: Kva held samfunnet saman?
Demokratisk beredskap handlar ikkje berre om val og institusjonar. Det handlar om menneske. Om kvardagslege møte mellom folk. Om lag og foreiningar der ein lærer å bruke røysta si, lytte til andre, stå i usemje, og kjenne på meistring og medansvar.
Denne kvardagen byggjer tillit – både mellom folk og til systemet me har. Det er slik me skaper eit samfunn som står seg mot splitting, hat og likegyldigheit.
I ungdomslag over heile landet får barn, unge og vaksne møte demokratiet i praksis – gjennom styrearbeid, nemnder og årsmøte, gjennom øvingar, kurs og festar, gjennom samtalar og fellesskap. For mange er det første gong dei merkar at eiga stemme tel, og at samfunnet blir skapt gjennom deltaking.
Me som rørsle har berre eitt val: Me må halde fram – saman. Me må gjere det me alltid har gjort – samle folk, styrke fellesskapen, og ta ansvar for det samfunnet me er ein del av.
Som den frilynde ungdomsrørsla i Noreg har me eit særleg ansvar. Frilyndt betyr fridom i tanke og tru, og respekt for kvarandre. Det er nett dette me treng i dag: Ei haldning som opnar, ikkje stenger. Eit syn på mennesket som byggjer på fridom og likeverd.
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag slår fast at:
- Demokratisk oppbygde lag og foreiningar er ein del av grunnmuren i demokratiet vårt
- Årsmøta, øvingane, festane og dugnadene er ikkje småting – dei er byggjesteinar i folkestyret vårt
- Demokrati, tillit og deltaking må lærast og øvast på, i trygge og opne fellesskap
- Eit samfunn med brei deltaking i frilyndt, frivillig organisasjonsliv står sterkare i møte med polarisering og antidemokratiske krefter
Difor krev landsmøtet i Noregs Ungdomslag at styresmaktene fører ein aktiv politikk for å styrke og trygge vilkåra for dei som byggjer demokratiet nedanfrå: dei frivillige organisasjonane.
Og me forpliktar oss sjølve:
Me skal halde fram med å spele, danse, leike og lære. Me skal samle folk i bygd og by, og halde oppe det som gjer samfunnet vårt sterkt: fellesskap, deltaking og tillit.
KULTURHUSA SOM HJARTA I LOKALSAMFUNNET
– ein felles innsats for framtida
I generasjonar har dei organisasjonseigde kulturhusa stått der. Dei er meir enn bygningar. Dei er levande møteplassar der generasjonar har delt dans, teater, song, handverk og folkekulturen. Dei er symbol på fellesskap, frivillig innsats og lokal identitet. I dag står over 5000 slike hus i Noreg, og dei fleste blir drivne av frivillige lag og organisasjonar, med få ressursar og stort engasjement.
Desse husa er avgjerande for å sikre inkludering, trivsel og bulyst og for å møte nasjonale mål om berekraft og kulturell deltaking. Dei medverkar til å nå fleire av FNs berekraftsmål, mellom anna mål om gode lokalsamfunn, redusert ulikskap og ansvarleg ressursbruk.
Men tilgangen til slike møteplassar er ikkje sjølvskriven. Over 60 % av husa er bygde mellom 1870 og 1960. Auka offentlege krav, manglande støtte og aukande driftskostnader trugar framtida til mange av desse sentrale kulturarenaene. Samstundes er desse husa ein av dei største ressursane vi har i kultur-Noreg.
I 2024 hadde desse husa eit samla brukstal på over 10 mill. menneske, mensdugnadsverdien er rekna til over 600 mill. kroner. I motyting stilte staten i 2024 opp med under 14 mill. kroner for å ta vare på og utvikle desse husa. Med eit etterslep på over 2,3 milliardar monar det lite.
Kulturhusa for framtida, er med andre ord allereie bygde – det er opp til oss å ta vare på dei.
For å sikre og utvikle desse husa som levande og inkluderande møteplassar treng vi:
- Ein nasjonal strategi for organisasjonseigde kulturhus, med forankring i kultur- og frivilligpolitikken.
- Berekraftige tilskotsordningar som gjer det mogleg å oppgradere husa med respekt for historiske verdiar og moderne krav.
- Kompetanseløft og rettleiing for frivillige eigarar, inkludert tilgang til verktøy, rådgjeving og felles møteplassar.
- Politisk prioritering og anerkjenning av kulturhusa si rolle i samfunnsbygging, integrering og demokratisk deltaking.
Desse husa er ikkje berre ein del av historia vår.Dei er ein del av løysinga for framtida. Når folk samlast, skjer det noko. Og det skjer, i huset i bygda.
For kvart årsmøte me held, for kvar dugnad me møtest til, for kvar fest, øving, kviss og basar me skipar til så held me oppe det som ber samfunnet vårt gjennom krise og kvardag: eit levande demokrati.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Kven Veit? 2026: Resultat etter 2. runde
Andre tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått igjennom svara og kan avsløre at pallplasseringane har endra seg sidan førre runde, og at det er mange lag som knivar om topplasseringa.
2. april 2026


Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!
27. mars 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026
