Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien
Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.

Arrangementet Levende kulturarv – hva er strategien? handla om Kulturdirektoratet sitt arbeid med ein ny strategi for immateriell kulturarv for perioden 2026–2031. Målet med strategien er å styrkje synlegheita og vidareføringa av levande tradisjonar i Noreg. Samstundes var spørsmålet frå arrangørane tydeleg: Kvifor er det frivillige kulturvernet ikkje meir synleg i dette arbeidet?
Frivilligheita vil ha større plass
Gjennom debatten kom det fram eit klart bodskap: Levande kulturarv blir ikkje først og fremst teken vare på i dokument og planar. Ho lever i menneske, lokallag, kurs, øvingar, møteplassar og praktisk kunnskap som blir brukt og delt vidare. Difor må også dei frivillige organisasjonane få ein tydelegare plass når kulturarvpolitikken blir forma.
Toril Skjetne, generalsekretær i Norges kulturvernforbund, peika på at frivillige kulturvernorganisasjonar over heile landet legg ned eit stort arbeid for å halde tradisjonar levande. Ho viste til at organisasjonane samla har 280 000 medlemmer og mange lokallag, og meinte at denne innsatsen må bli betre anerkjend i strategiar og politiske prioriteringar.
Også Ellen Krageberg, direktør i Norges Husflidslag, var tydeleg på at frivilligheita burde hatt ein sterkare plass. Ho viste til at Norges Husflidslag har 78 000 kurstimar i året innan levande kulturarv, og uttrykte misnøye med at innsats som dette ikkje kjem tydelegare fram som eit eige satsingsområde i strategien.

Kulturdirektoratet forsvarar strategien
Frå Kulturdirektoratet forklarte Torbjørn Urfjell at strategien ikkje er meint å vere ein nasjonal strategi for heile feltet, men ein strategi for direktoratet sitt eige arbeid. Han peika på at direktoratet arbeider med bevisstgjering, kapasitetsbygging og finansiering, og at sivilsamfunnet si rolle i immateriell kulturarv skal synleggjerast. Urfjell understreka også at frivillige organisasjonar står bak mykje av arbeidet med levande kulturarv, og at det er viktig å løfte fram god praksis og læring på tvers.
Fleire i debatten peika likevel på at feltet treng meir enn gode formuleringar. Det handlar ikkje berre om pengar, men om rammevilkår, politisk merksemd og betre samanheng mellom ulike delar av forvaltninga. I dag er ansvar for materiell og immateriell kulturarv delt mellom ulike område, noko fleire meinte gjer det vanskelegare å sjå kulturarven som ein heilskap.
Museum og frivillige på same lag
Forholdet mellom musea og frivilligheita vart òg løfta fram. Ole Aastad Bråten, styreleiar i Museumsforbundet, sa at han forstår ønsket om at frivilligheita skal få større plass, men understreka samstundes at musea kan vere viktige samarbeidspartnarar. Bråten peika på at musea mellom anna kan bidra med digitalisering, tilgjengeleggjering og støtte til tradisjonshandverk. Ordstyrar Kjærsti Gangsø understreka at museum og frivilligheit ikkje bør spelast ut mot kvarandre.
Vanskelegare å få støtte til levande kultur
Ei av dei store utfordringane som vart løfta, er at det ofte er lettare å få politisk støtte til materiell kulturarv, som til dømes byggverk, enn til levande praksisar og kunnskapsoverføring. Haagen Poppe frå Høgre peika på at små midlar kan ha stor verdi lokalt, men at det kan vere vanskeleg å kjempe for pengar til noko som er mindre handfast. Poppe åtvara mot at kultur kan bli tvangsprofesjonaliserast, og trakk fram verdien av kulturarbeid som veks nedanfrå og opp. Då er det også viktig, påpeika Poppe, at det er aksept for at frivilligheita løyser utfordringar sjølv og på eigne premiss, utan for mykje styring frå politisk hald.

Benjamin Jakobsen frå Arbeidarpartiet løfta fram at levande kulturarv kan vere særleg viktig på stader som ikkje har mange store kulturbygg eller institusjonar. Han peika på at kultur er ein viktig del av kven vi er, og at immateriell kulturarv blir stadig viktigare i ei uroleg verd. I internasjonale konfliktar er kulturarven særleg utsatt, og ein ser at i krig er dette noko av det fyrste som blir angripen, for å undergrave ein nasjon.
Ulike forventningar til strategiarbeidet
Bak diskusjonen om frivilligheita si rolle låg også ei usemje om sjølve strategiarbeidet. Fleire av dei frivillige organisasjonane fortalde at dei hadde gått inn i prosessen med ei forventning om at arbeidet skulle munne ut i ein nasjonal strategi for levande kulturarv. Difor var misnøya stor då det vart klart at dokumentet er ein intern strategi for Kulturdirektoratet sitt eige arbeid. Både Skjetne og Krageberg meinte dette gjer det vanskelegare å få den politiske merksemda og dei prioriteringane feltet treng, medan Urfjell understreka at strategien aldri har vore meint som ein nasjonal strategi, men som eit styringsdokument for direktoratet.

Vern gjennom bruk
Trass i usemja om strategien og frivilligheita si rolle, var det også fleire fellesnemnarar i debatten. Både organisasjonane, musea og politikarane peika på behovet for å løfte den levande kulturarven høgare på den politiske dagsordenen. Fleire understreka at vi står i fare for å miste viktig kunnskap dersom kulturbærarane ikkje blir synlege og anerkjende, og at det trengst både sterkare politisk merksemd og betre rammevilkår for å sikre vidareføring av tradisjonane. Eit bodskap gjekk att gjennom heile samtalen: Levande kulturarv blir best teken vare på gjennom bruk. Skal tradisjonane leve vidare, må dei ikkje berre dokumenterast og bevarast, men også praktiserast, lærast bort og utviklast av menneska som ber dei vidare.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?
Kva trendar ser ein innan bunadsfeltet i dag og korleis kan produsentar, fagmiljø og dei som elles arbeider med bunad møte desse trendane? På første dag under Arendalsveka sette dei fem samarbeidsorganisasjonane for bunadbruk i Noreg søkelys på denne tematikken.
10. august 2026


Takk for nydeleg Sommarleir!
For andre gong fann Sommarleir stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det vart fem fine dagar med sol, dans, teater, song, leik og nye minne!
7. juli 2026


Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus
Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!
29. juni 2026

