Har du spørsmål om midlar til vaksenopplæring?
I førre veke heldt Liv Skogstad Mikalsen i Studieforbundet kultur og tradisjon kurs om vaksenopplæringsmidlane.

Under kurset snakka Mikalsen om kva som blir definert som opplæringsaktivitet i lokallaget, og om korleis ein kan søke om økonomisk støtte til å halde desse aktivitetane. Ho gav òg ei innføring i den nye Kursportalen, det digitale verktøyet for søknad og rapportering av opplæringsaktiviteten.
Det var 17 personar som var med på kurset.
Om du ikkje fekk med deg webinaret, eller sit med spørsmål etter å ha vore med, så minner vi om at du kan ta kontakt med Studieforbundet Kultur og tradisjon og spørje.
Du kan anten ringe dei på telefon 61 21 77 50, eller sende mail til post@kulturogtradisjon.no. Da er Tone Heskedal, Liv S. Mikalsen eller Kristin T. Stasviken der for å hjelpe deg!
Du kan òg lese meir om ordninga på desse nettsidene:
https://www.kulturogtradisjon.no
https://www.ungdomslag.no/sok-pengar/tilskot-til-opplaering/




Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

