Løfta fram Huset i Bygda på innspelsmøte med regjeringa
Regjeringa har byrja på eit arbeid med ein strategi som skal løfte lokalt og regionalt kulturliv. Strategien skal sjå heilskapleg på mogelegheiter og utfordringar for det frivillige kulturlivet.

I høve arbeidet med strategien, inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til eit innspelsmøte om temaet "Kulturfrivillighetens tilgang til egnede lokaler og møteplasser" 13. desember.
Ber om at kommunar og fylke inkluderer dei organisasjonseigde husa
Hovudtemaet var å sikre tilgang på gode lokale. Både kulturrådgivar Christoffer Knagenhjelm og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum i NU heldt innlegg på møtet.
Dei bad om at den lova strategien skal medverke til at kommunar og fylke i større grad inkluderer dei organisasjonseigde husa i deira planar.
Dei peika òg på at det trengst ei målbevisst satsing på dei organisasjonseigde husa for at ikkje det økonomiske etterslepet skal auke enda meir i åra som kjem.
Presenterte rapport om behov for eigna lokale
Under møtet heldt fleire andre organisasjonar innlegg, der dei presenterte eksisterande kunnskap. Mellom anna presenterte Stian Slotterøy Johnsen, genersalsekretær i Frivillighet Norge ein rapport om behovet for eigna lokale i det frivillige, og Marianne Ween, dagleg leiar i Kulturalliansen fortalde om deira prosjekt med kartlegging av lokale til utøving av kultur.
Innlegga frå Noregs Ungdomslag kan de lese her:
Innlegg 1: Huset i Bygda som modell for utvikling av organisasjonseigde kulturhus
Innlegg 2: Dei organisasjonseigde husa treng eit løft.
Fristen for skriftlege innspel til strategien er 1. februar 2022.
For å høyre kva lokal- og fylkeslag meiner, inviterer Noregs Ungdomslag til digitalt innspelsmøte måndag 9. januar kl 18.00. Laga kan også kome med skriftlege tilbakemeldingar på e-post innan fredag 13. januar.
Her kan du lese meir om strategien på nettsida til regjeringa.
Her er meir informasjon om spørsmåla Kultur- og likestillingsdepartementet ønsker tilbakemelding på.
Her er lenke til møtet i Teams 9. januar kl 18.00


Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

