Hopp til hovedinnhold
Arrangement

NU-helga 2023

Velkomen til NU-helga 27.-29. oktober 2023 i Oslo!

Noregs Ungdomslag inviterer til ei helg for både fylkeslag, folkedansinteresserte og teaterinteresserte i hovudstaden. Det blir landsrådsmøte, seminar, samling på teater- og folkedansfeltet, feiring av BLS 100 år og vårt fyrste nettverksmøte for folkedans og teater.

Vi håpar de vil dele helga med oss for ny fagleg input, inspirasjon og erfaringsutveksling.

Møtedeltakarar strekker seg i være med hendaneMøtedeltakarar strekker seg i være med hendane

Program

Fredag 27.10.2023

Seminar: Hulda Garborg og Klara Semb: Politikk, kultursyn og arbeid.
Kva har dei to Superheltane betydd for Noregs Ungdomslag?

Med: Johan Einar Bjerkem
Tid: Kl. 19-21
Stad: Kaffistova, Kristian IVs gate 2, Oslo
Pris: Gratis

Laurdag 28.10.2023

Landsrådsmøte

Om møtet:
Landsrådet er eit rådgivande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan ein sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret om ein ønskjer dette.

Program og saker til landsrådsmøtet ser du her.

Målgruppe: Fylkeslaga i NU
Tid: Kl. 10-16
Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Holbergsgate 30, Oslo
Pris: 845,- (inkl. Lunsj)

Folkedanssamling

Om samlinga:
Vi inviterer erfarne folkedansarar og instruktørar til ei folkedanssamling der vi ynskjer å dykke ned i tema som angår dagens folkedansinstruktørar. Dette blir ei samling der vi set fokus på erfaringsutveksling, inspirasjon, bygge nettverk, fagleg påfyll og ein sosial møteplass for dykk som dansarar og instruktørar. Vi fokuserer mellom anna på samdansar til NORDLEK 2024, arkivklipp og det å læra bort samdansteknikk.

Siri Mæland frå NU-styret, som også er tilsett ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans leier oss trygt gjennom dagen. Nina Byttingsmyr frå styret vil også delta som musikar og medinstruktør.

Dagen vil bestå av formidling, utprøving, diskusjon, erfaringsutveksling og aktuelle problemstillingar som ligg i det å vera instruktør og dansar i dag. Vi ynskjer deltakarar som har interesse av å dele eigne erfaringar og som vil la seg inspirere av andre sine tips og triks. Vi trur samlinga blir endå betre med ein dynamisk modell mellom deltakarar, innleigde instruktørar og oss på NU-kontoret. På slutten av dagen håpar vi at vi alle sit att med meir kunnskap og auka inspirasjon til å halde fram med folkedansaktivitet eller til å starte nye prosjekt. Denne samlinga vil også danne eit godt grunnlag for fruktbare diskusjonar i nettverksmøte for folkedans sundagen same stad.

Kom gjerne med ynskje eller innspel til samlinga i forkant til solveig@ungdomslag.no.

Målgruppe: Erfarne instruktørar og folkedansarar
Tid: Kl. 10-16
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo
Pris: 300,- (inkl. Lunsj)

Felles middag

Vi et felles middag på Kaffistova før vi går på festforestillinga til BLS. Det blir hovudrett samt dessert.

Tid: Kl. 17-18:30
Stad: Kaffistova, Kristian IVs gate 2, Oslo
Pris: ca. 650,-

100 år med bygder i byen - BLS 100 år

Folkedans, folkemusikk, korsong, leik og teater i ei humørfylt framsyning bygd på aktivitetar som har prega lagslivet i Bygdelagssamskipnaden (BLS) gjennom 100 år. Nyskriven musikk og nyskrivne tekstar bind det heile saman og i orkesteret sit den kunstnarleg ansvarlege Vegar Vårdal saman med Tuva Færden og Frode Hatli. På scenen får vi oppleve over 120 barn og vaksne frå Barnelaget, Bygdelagskoret Blåne, Songlaget i BUL, Te-Nord, Teaterlaget i BUL, Symraern, hallingdansarar, bygdedansarar og folkedansarar frå ulike lag i Bygdelagssamskipnaden.

Etter framsyninga blir det dans til Østerdølenes Spellmannslag og lett servering i foajeen.

Arrangørane oppmodar om å koma festkledd, gjerne i bunad.

Tid: Kl. 19
Stad: Det Norske Teatret, Kristian IVs g. 8, Oslo
Pris: 460,- (vaksne), 230,- (ungdom tom. 25 år), 150,- (born opp til 18 år)

Sundag 29.10.2023

Nettverksmøte folkedans

Om møtet:
Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveksling av kunnskap og erfaringar knytt til folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag. Nettverket er åpent for interesserte frå alle lag i Noregs Ungdomslag. Dette er vårt fyrste nettverksmøte og vi ynskjer ein god dialog med folkedansfeltet i NU på kva som er det viktigaste å jobbe med på feltet framover.

Det fyrste møtet vil ta utgangspunkt i folkedansstrategien med særleg fokus på utvikling av og arenaer for folkedansinstruktørar, korleis utvikle Folkepedia vidare, og korleis nettverket skal formast og fungere framover. I tillegg vil vi orientere om aktuelle folkedanssaker som NU sentralt arbeider med. Det blir mykje gruppearbeid, diskusjon, erfaringsdeling og moglegheit for å gje innspel, råd og å stille spørsmål.

Send oss gjerne tankar om tema de vil løfte i møtet, utfordringar de opplever i folkedansmiljøet eller spørsmål i forkant. Kontakt: solveig@ungdomslag.no.

Tid: Kl. 9-12, avsluttast med felles lunsj kl. 12
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo
Pris: Gratis

Nettverksmøte teater

Om møtet:
Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveskling av kunnskap og erfaringar knytt til teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag. Nettverket er ope for interesserte frå alle våre medlemslag. Dette er vårt fyrste nettverksmøte og vi ynskjer ein god dialog med teaterfeltet i vår organisasjon på kva som er mest viktig å jobbe med på feltet framover.

Kvifor er teater viktig for Noregs Ungdomslag og korleis skal teaterarbeidet sjå ut i framtida?

Om det er noko spesielt de vil ha diskutert på nettverksmøte, send det på førehand på e-post til mona@ungdomslag.no

Tid: Kl. 9-12, avsluttast med felles lunsj kl. 12
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo
Pris: Gratis

Praktisk informasjon

Påmelding

Alle som skal delta på heile eller deler av helga melder seg på i dette skjema.

Frist: mandag 16. oktober.

Detaljert program for dei ulike programpostane vert sendt ut i forkant av NU-helga. Har du innspel, ynskje eller spørsmål kan du gjerne sende dei til post@ungdomslag.no.

Overnatting

I påmeldinga kan du også tinge overnatting i enkelt- eller dobbeltrom på Radisson Blu Scandinavia hotel på Holbergs plass.

Prisar per rom, per natt:
1650,- Enkeltrom for 1 person
1750,- Dobbeltrom for 2 personar