Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Frå Leikanger Ungdomslag

Ønskjer du å leige Leikanger ungdomshus?

Ønskjer du å leiga Leikvang? Send førespurnad om eventuell leige på e-post til leikanger.ungdomslag@gmail.com.

Leikvang er den perfekte staden for større og mindre arrangement som konfirmasjon, bryllaup, bursdagsfestar, dans og ulike jubileum m.m. På hovudplanet finn du sal, møterom, kjøken og toalett. Kjøkenet frå 2017 er moderne og funksjonelt, og der finn du det meste av servise og utstyr du treng. Vi har også høgtalaranlegg.

Vi tillèt arrangement med opp til 100 personar, men skal ein dekka bord til matservering anbefaler vi ikkje meir enn 90 personar.

Utleigeprisar:

  • Heile huset helg (rigg fredag – vask søndag): 4 000 kroner
  • Leige inntil 5 timar, arrangement for barn: 600 kroner
  • Leige inntil fem timar, arrangement vaksne: 1 200 kroner
  • Tillegg for vask: 1 500 kroner
  • Leige møterom: 500 kroner
  • Leige stolar, bord og dekketøy: ta kontakt for pris og avtale

Rabatt for medlemmar:

Medlemmar i Leikanger ungdomslag får 400 kroner i fråtrekk på utleigeprisen (totalprisen). Meld deg inn ved å sende kr. 400 til vippsnummer 79442 (eventuelt betal inn på kontonummer 3781.07.30014) og merk meldinga med "medlemskap, ditt namn og ditt mobilnummer", eller fyll ut innmeldingsskjema.

Er huset ledig?

På denne kalendaren kan du sjå om Leikvang er ledig på det tidspunktet du er interessert i å leige det: Kalender for Leikvang

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026