Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Påmelding Kven Veit? 2025

Påmelding for Kven Veit? 2025 er no open. Påmeldingsfrist er 8. januar.

Maleri av tre utvandrarar, to kvinner og ein mann

Kven Veit? er ei nasjonal kunnskapstevling, eller quiz som vi med tida har vorte meir vande med å kalle det. Noregs Ungdomslag har arrangert tevlinga årleg sidan 1963. Her blir allmennkunnskapen testa, i tillegg til at deltakarane skal fordjupe seg i årets tema. Vi lagar temahefte, spørsmål, svarark og skjema til tre rundar med tevling. For kvar tevling får laga tildelt 10 kategoriar med til saman 30 spørmsål. Av desse er 6 spørsmål knytt til tema og ein kan altså lese seg opp på førehand.

Dei påmelde deltakarane i 2025 skal få eit djupdykk i norsk utvandrarhistorie. Dette er fordi 2025 markerer 200års-jubileet for norsk utvandring til Amerika. Vi skal ikkje avsløre for mykje av innhaldet i temaheftet no, men vi kan love at det blir spennande og lærerikt når de no skal få lese dykk opp på denne delen av norsk historie.

Viktige datoar:

  • Påmeldingsfrist: 8. januar.
  • Første tevlingsrunde: 20. januar - 7. februar. Dette betyr at laga må ha gjennomført tevlingsrunda i denne tidsperioden.
  • Innlevering av svar frå første runde: 7. februar
  • Andre tevlingsrunde: 10. februar - 28. februar
  • Innlevering av svar frå andre runde: 28. februar
  • Tredje og siste tevlingsrunde: 3. mars - 21. mars
  • Innlevering av svar frå tredje tevlingsrunde: 21. mars
  • Landsmøte og kåring av resultata: 25.-27. april under landsmøtet til Noregs Ungdomslag i Oslo.

Resultata frå dei ulike rundene blir publisert omtrent to veker etter at sekretariatet har motteke alle svar fra runda.

Så no er det tid for å samle tevlingslaga og melde dykk på. Påmeldingsskjema finn de her.

Les meir om Kven Veit? her.

Måleri av Gustav Wentzel, Utvandrere, frå 1902
Gustav Wentzel, Utvandrere, 1902

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Kven Veit? 2025 | Noregs Ungdomslag