Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Arrangement

Seminar til ære for Klara Semb 140 år

Bli med å hylle den store danseformidlaren og -innsamlaren Klara Semb som hadde vore 140 år i 2024!

Dansande golv og klara sembDansande golv og klara semb

Klara Semb - folkedansar og samfunnsmenneske

Slå! Nå går leiken kring i alle grender.
Du står der midt i ringen. For ein ring!
Med glede skal du sjå: Han femner kring
vårt heile land, radt til dei ytse strender.
Det som du skapte, og det atterfødde
er eit liv av same grjot, der grunnto gjødde.

Jan-Magnus Bruheim, «Det du skapte»

Klara Semb vart fødd 17. oktober 1884, i Kristiania. Ho vidareførte arven etter Hulda Garborg, og er mest kjend for sitt arbeid innan folkedans og bunad. Rettleiingsbøkane hennar om dans, har i stor grad definert den norske, organiserte folkedansen dei siste hundre åra. Og det var særleg turdansen som låg hennar hjarte nært.

I mars arrangerer Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans danseseminar for å hylle Klara Semb - bli med!

Seminar: Dei tok oss med i dansen

1.-3. mars håpar vi du vil ta turen til Trondheim! Vi inviterer til seminar med dansefordjuping og repertoar for fellesskap og samværsdans. Vi vil både ta for oss det enkle, og fordjupa oss i avanserte steg og rytmar. Seminaret passar for kunnige folkedansarar og instruktørar som anten:

  1. ønskjer å veta meir om kva norsk danserepertoar dei kan nytte som oppvarmings- og fellesskapsdansar, og som ønskjer å få eit overblikk over dette
  2. ønskjer ei fordjuping i noko av dette danserepertoaret. Seminaret eignar seg både for folkedansaren og folkedansinstruktøren; både til dei som instruerer barn og unge, og dei som har ei meir vaksen målgruppe.

Seminaret vil ha fordjuping i parallelle økter:

  • Formidlingsmetodar: Korleis vi alle kan vera med å skapa gode fellesopplevingar med kvarandre i dans? Vi vil ta for oss dansar som er enkle å få folk med i og ta del i – på danseøvingar og på fest, der også danseinstruksjonen og danseformidlinga vert vektlagt. Deltakarane vil kome heim med eit fellesrepertoar med røter i norsk samværsdans. Fellesrepertoar kan vera dansar der alle dansar i stor ring, eller mindre ringar som seks og tre. Fleire av desse reknast som bygdedansslekta og runddansslekta turdansar, dansar godt eigna også for eit lokalt tilsnitt.
  • Fordjuping i steg og rytmar: Vi har mange dansar i det norske folkedansrepertoaret som går i valse- eller riltakt, gåande eller i meir intrikate rytmar. Vi vil fordjupa oss i steg og rytmar i feiar spesielt, men også ril og valsesteg, og særpreget desse har i det norske repertoaret. Vi tek utgangspunkt i og vil diskutere revisjonsarbeid og arkivmateriale.

Dansane på seminaret tek utgangspunkt i revisjonsarbeidet Noregs Ungdomslag gjorde etter Klara Semb, Norske folkedansar – Turdansar (1991), og arkivmaterialet som vart nytta og som ligg i arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Turdansboka finn du på www.turdans.no.

Om Klara Semb

I 1902 starta Semb i Bondeungdomslaget, der ho lærte songdansar frå Hulda Garborg. Året etter vart ho med på ei danseferd til Stockholm, noko som gjorde stort inntrykk på den unge Klara. I 25å-årsskriften for Noregs Ungdomslag skriv Hulda Garborg: «På turen til Stockholm var ei reint ung gjente med som synte sers givnad for dans og song. Det var Klara Semb, ho som sidan kom til å gjera so mykje godt arbeid for songdansen». I årene som følgde skipa Klara fleire leikarringar. Samtidig hadde ho ei deltidsstilling i avisa 17da Mai, var med i Det Norske Spellaget, og var skodespelar ved Det Norske Teatret. Da ho i 1911 fekk stipend til å reise til Færøyene for å studere songdans, var ho så inspirert då ho kom tilbake at ho sa opp alle desse stillingane, for å satse heile sin tid på målsaka og norsk folkedans. Ho gav ut Norske Folkedansar I. Dansevisor i 1922 etter eit opphald i Amerika, som innehaldt 50 viser av kjente diktatar som bl.a. Vinje, Garborg og Janson, med innleiing av Professor Knut Liestøl. Året etter kom Norske Folkedansar II. Rettleiding um dansen, med detaljerte skildringar av kvar dans, med både skjema og fotografiar. Dette verket blei viktig for det vidare folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag, og for norsk folkedans generelt.

Under okkupasjonstida var Noregs Ungdomslag ein organisasjon som kom på radaren til nazistane. Det siste valde styret NU hadde før krigstida var i 1941, og etter det vart styret teken over av nazistane. Men i dette siste styret før okkupasjonen satt Klara Semb. Ho var ikkje berre ein folkedanspioner, men eit sterkt engasjert samfunnsmenneske. Hennes engasjement for norskdom, fridom, fred og brorskap fekk ein ny dimensjon i desse åra, og ho vart eit samlingsmerke for bygdeungdommen. I åre 1940-41 reiste ho rundt i Noreg og heldt mange kurs i folkedans, og ho nytta høvet til å gi ein indoktrinering i norsk ånd og fridomsvilje. Det blir sagt at ho gav dei som høyrde på nytt mot og tru på framtida, i ein tid som var prega av frykt og usikkerheit. Kveldane vart gjerne avslutta med songen «Strid for fred» av Arne Garborg, og songen fekk ein spesiell betydning i denne tida.

Men vita skal me og vona visst,

at ånd må vinna på troll til sist –

og vit på den varge villskap.

Det er lite truleg at nazistane var klar over kva Klara Semb haldt på med på denne tida, da dei nok ville satt ein stoppar for det ganske raskt.

Frå 1920-tallet til sin død i 1970, var Klara Semb den store autoriteten innan norsk folkedans. Ho lærte opp om lag 400 000 ivrige dansarar, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæring. Ho står bak dei fire banda i Norske folkedansar, som på slutten av 1900-talet vart samla i to band av Noregs Ungdomslag. Frå 1927 til 1946 satt ho i styret for Noregs Ungdomslag, og vart sidan æresmedlem og fekk eit årleg stipend frå laget.vart utne

I 1954 vart ho utnemnt som riddar av St. Olavs Orden, for sitt omfattande arbeid for norsk folkedans og norsk bunadstradisjon.

Innleiarar på seminaret

Desse med fleir vil vera med å forme seminarhelga i Trondheim i mars:

Siri Mæland, Vegar Vårdal, Tone Erlien, Torbjørn Bergwitz Lauen, Marianne Dahl, Einar Olav Larsen, Torill Aasegg med fleir.

Tid

  • Fredag 1. mars: Seminar kl. 19.00 – 21.00
  • Lørdag 2. mars: Seminar kl. 09.00 – 16.15. Dansefest i BUL-salen kl. 19.00 – 23.00.
  • Søndag 3. mars: Seminar kl. 09.30 – 14.00.

Stad

BUL-salen og Trønderkjeller’n (Trondheim)

Påmelding

Påmelding til seminaret gjerast innan 14. februar via denne sida.

Pris for heile helga 500,-/200,-. Overnatting, reise og middag kjem i tillegg.


Arrangørar

Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Kjelder

Ho tok oss med : festskrift til Klara Semb på 80-prsdagen 17.oktober 1964

Ungdomslaget : Noregs ungdomslag 1896-1996

Klara Semb: Store norske leksikon

Klara Semb: Norsk biografisk leksikon