Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Søk om gjesteinstruktør for hausten 2020

To gonger i året kan lag i Noregs Ungdomslag søke om å få tilsendt ein gjesteinstruktør til å halde kurs i laget sitt. Neste søknadsfrist er like rundt hjørnet, 1. mai. No er endeleg søknadsskjema opna.

Ungdom dansar folkedans.

Trykk her for å kome direkte til søknadsskjema.

Som ein av lagsfordelane i NU tilbyr vi helgekurs på 8-10 timar. Det er muleg å bestille instruktør til kurs i dans eller teater.

Vilkår: Laget betaler ein eigendel på kr 5.000.- og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale og ordne med påmelding mm. Laget pliktar å melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon , seinast same dag som fyrste kursdag. Her får ein kurstilskot for deltakarar over 14 år.

Her kan du lese meir om gjesteinstruktørordninga (trykk her).

NU har diverre ikkje ubegrensa med midlar til å sende ut instruktørar, difor er det innført ei søknadsordning med to fristar i året. På denne måten har alle lag som ynskjer moglegheit til å søke, og fordelinga på kven som får nytte ordninga frå år til år blir forhåpentlig noko meir rettferdig.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål, og hugs å sende inn ein søknad innan 1. mai 2020 for kurs som skal haldast i perioden juli-desember 2020.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Søk om gjesteinstruktør for hausten 2020 | Noregs Ungdomslag