Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Takk for nydeleg Sommarleir!

For andre gong fann Sommarleir stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det vart fem fine dagar med sol, dans, teater, song, leik og nye minne!

Ei jente sit på ryggen til ei anna og spelar fele.

Sommarleiren i Noregs Ungdomslag er ein av dei viktigaste møtestadene i organisasjonen, og den einaste der berre ungdom er målgruppa. I år samla 40 ungdom i alderen 13-22 seg på Sunnmøre for å lære nye ting, møte nye og gamle vennar og dele fine opplevingar i lag.

Opplevingar på Runde

Å dra på utflukt er ein fast post på leirprogrammet. I fjor vart leiren avslutta med båttur til Ålesund, medan i år starta vi leiren med å busse til fugleøya Runde. Der fekk ungdommane oppleve både vind, vêr og ikkje minst lundefugl. Med lagoppgåver i fjøra, omvising på Runde Miljøsenter og ein tur opp dei bratte bakkane til sjølve fuglefjellet, vart dagen fylt med gøyale aktivitetar og naturopplevingar.

Fornøgde leirdeltakarar på toppen av fuglefjellet på Runde.
Fornøgde leirdeltakarar på toppen av fuglefjellet på Runde.

Kursa

I år kunne vi tilby langkurs innan musikal, teater, folkedans, folkemusikk og bunadsbroderi. I tillegg har Sommarleiren alltid kortkurs innan dei same temaa, i tillegg til andre kreative aktivitetar. Både linedance, beatboxing, geriljabroderi, spikking og teaterimprovisasjon stod på menyen som deltakarane kunne velje ifrå, i tillegg til fleire andre kurs.

Det er viktig for NU at vi brukar dyktige instruktørar på kursa under leiren. Også i år har vi klart å finne dei rette folka til å halde kurs for ungdommane. Dei delar av sin kunnskap samtidig som dei inspirerar og motiverar. Nokre av instruktørane har vore med på leir før, medan andre er heilt nye for oss. I år var det Åsmund A. Farstad på folkemusikk, Anna Gjendem og Nina Byttingsmyr på folkedans, Asbjørn Hagen på musikal, Jawad Aziz på teater, Helene Henriksen på bunad og Trude Dalene på linedance som lærte vekk av det dei kunne til ungdommane.

Jente som sit og broderar bunadssaum.
Konsentrert kursdeltakar på bunadsbroderikurs.

Improkappleik, debatt, hekleløp og folkemusikk-klubb

Nokre ting kan ein Sommarleir i NU ikkje vere forutan. Improkappleik, nattdebatt og hekleløp har vore faste postar på kveldsprogrammet i fleire år av leiren si historie. For dei som aldri har vore på leir før, så kan vel både improkappleik og hekleløp høyrest noko fjernt ut, men for leirdeltakarane er det viktig at desse tradisjonane blir heldt ved like.

Improkappleiken er ein konkurranse i teaterimprovisasjon, der påmeldte lag konkurrerar seg imellom om å få dommarane og publikum til å le mest mogleg. Hekleløp, derimot, handlar om nettopp kva det høyrest ut som; løping og hekling. På tid skal konkurrentane finne ut kven som greier å hekle lengst før songen tek slutt. Både før og etter heklinga, er det løping som gjelder.

Nytt av året var folkemusikk-klubb på Sommarleir - eller klubb Jawad, som den vart kalla, etter instruktøren som tok på seg oppgåva som klubbvert den eine kvelden. Inspirert av folkemusikk-klubbar rundt om i landet inviterte vi til quiz, kræsjkurs i gangar og bhangra (pakistansk dans), før det vart konsert med Åsmund A. Farstad, Nina Byttingsmyr og DJ Jonas Særsten, som hadde tatt turen frå Bergen for å skape stemning på leir.

Mange ungdommar som syng og dansar mot kvarandre.
Visning av musikalnummer på avslutningsdagen.

Sjåast vi neste år?

Etter fine dagar på Sunnmøre måtte ein til slutt takke for i år og ønskje kvarandre vel heim. Heldigvis er stad og datoar for Sommarleir 2027 allereie spikra. Den vil finne stad på Solbakken folkehøgskule frå 29.juni - 3.juli og NU-kontoret har allereie begynt å planlegge kva kurs som skal vere på leiren, etter innspel og ønske frå årets leirdeltakarar.

Informasjon om neste års leir vil kome i løpet av hausten, så det er berre å følgje med.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Takk for nydeleg Sommarleir! | Noregs Ungdomslag