Vil laget ditt vere vertskap for BARNLEK og Nordisk Sommarleir 2029?
Noregs Ungdomslag leitar etter eitt eller fleire lokallag som vil vere lokalt vertskap for BARNLEK og Nordisk Sommarleir i 2029. Arrangementa vil samle barn og ungdom frå heile Norden til ei veke med dans, musikk, leik, teater og nye venskap.

I 2029 skal Noregs Ungdomslag vere vertskap for BARNLEK, eit nordisk folkedansstemne for barn og ungdom. I tillegg ønskjer me å utvide den vanlege Sommarleiren vår til å vere nordisk og heilt eller delvis overlappe med BARNLEK.
No leitar me etter eitt eller fleire lokallag som vil vere lokalt vertskap for desse arrangementa.
Dette er ei unik moglegheit til å samle barn og ungdom frå heile Norden til ei veke med dans, musikk, leik, teater og nye venskap.
Kva er BARNLEK?
BARNLEK er eit nordisk stemne for barn i alderen 8–16 år som kjem i grupper saman med instruktørar og leiarar. Stemnet har kurs, oppvisningar og sosiale aktivitetar, og gir barn eit møte med folkedans, musikk og kultur frå heile Norden.
BARNLEK er eit lågterskeltilbod der det er plass både til nybyrjarar og meir erfarne deltakarar. Det viktigaste er opplevinga av fellesskap og det å vere del av eit større nordisk miljø.
Kva er Nordisk Sommarleir?
Nordisk Sommarleir ser me føre oss at er ei utviding av vår eksisterande Sommarleir som me arrangerer kvart år. Leiren er retta mot ungdom (ca. 13–25 år) som deltek som enkeltpersonar. Her er det kurs, aktivitetar og sosiale møteplassar.
Sommarleiren er ein viktig møtearena for ungdom i NU på tvers av fagfelta våre. Det er langkurs i både teater, dans, musikk og handverk, i tillegg til ei rekke ulike kortkurs der deltakarane kan utforske andre fagfelt enn dei vanlegvis driv med.
Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der me testar ut teatersport.
Omfang
BARNLEK samlar normalt fleire hundre deltakarar frå fleire nordiske land og går over om lag ei veke. Oftast er det opning på onsdagen og avslutning laurdag kveld med heimreise sundag.
Sommarleiren har dei seinaste åra blitt arrangert frå måndag til fredag i veke 27, og samlar ungdomar frå heile landet. Då me inviterte til Nordisk Sommarleir i samband med NORDLEK i 2024, var det omlag 120 ungdomar med frå heile Norden.
Arrangementa bør gjennomførast i veke 27 (2.–8. juli 2029) for å ikkje kollidere med andre store folkedansarrangement.
Det trengst mellom anna:
- kurslokale (skular, kulturhus, danselokale)
- overnatting (ofte i skular)
- arena for framsyningar og festar
- frivillige til praktisk gjennomføring
Det er fullt mogleg for fleire lokallag å gå saman om å vere vertskap.
Kva får lokallaget ut av det?
Å vere vertskap for BARNLEK kan gi store ringverknader:
- styrkt aktivitet og synlegheit for lokallaget
- nye samarbeid i lokalmiljøet
- kulturutveksling med deltakarar frå heile Norden
- ei unik oppleving mange frivillige og deltakarar vil hugse resten av livet
Arrangementa kan òg gi eit økonomisk bidrag til lokallaget. Eventuelt overskot blir delt likt mellom NU og det lokale vertskapet. Samstundes tek NU det økonomiske ansvaret dersom det skulle gå med underskot.
Kva gjer Noregs Ungdomslag?
Noregs Ungdomslag vil vere hovudarrangør og ha ansvar for mellom anna:
- invitasjon og kontakt med dei nordiske landa
- påmelding og deltakaradministrasjon
- program og fagleg innhald
- overordna økonomi og administrasjon
Det lokale vertskapet vil først og fremst stå for praktisk gjennomføring lokalt.
Vil laget ditt vere vertskap?
Me ønskjer å kome i kontakt med lag og lokalmiljø som kan vere interesserte i å vere lokalt vertskap. Målet er å kunne presentere stad for arrangementet på rådsmøtet i Nordlek-samarbeidet 16. mai 2026.
Send ein kort e-post innan 15. april til: torbjorn@ungdomslag.no
Der kan de til dømes skrive:
- kva lag (ein eller fleire) som ønskjer å vere lokalt vertskap
- kva stad de ser for dykk som stemnestad
- eventuelle tankar eller spørsmål
Å arrangere BARNLEK og Sommarleir er eit stort løft – men òg ei stor moglegheit til å vise fram både lokallaget, lokalmiljøet og den nordiske folkekulturen.
Ver ikkje blyg og ta kontakt om det er noko du lurer på!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Kven Veit? 2026: Resultat etter 2. runde
Andre tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått igjennom svara og kan avsløre at pallplasseringane har endra seg sidan førre runde, og at det er mange lag som knivar om topplasseringa.
2. april 2026


Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!
27. mars 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026
