Jakob Bjerkem
Jakob Bjerkem vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2026.

Noregs Ungdomslag har gjennom meir enn hundre og tretti år vore bygd av enkeltmenneske som har teke ansvar, gått foran og skapt aktivitet, fellesskap og fagleg utvikling. Jakob Bjerkem (f.1946) er ein av desse.
Gjennom fleire tiår har Bjerkem hatt ei heilt sentral rolle i ungdomslagsrørsla, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Han har hatt ei rekke verv i organisasjonen, mellom anna som 1. vara (1979–80), styremedlem (1980–81), og som siste formann og første leiar i Noregs Ungdomslag (1981–83). Han har òg vore generalsekretær i NU (1988–90).
Samtidig er det breidda og dybden i innsatsen hans som gjer han til ein heilt spesiell kandidat til heidersmedlemskap.
I Bagabu ungdomslag og i Inntrøndelag Ungdomssamlag har Jakob vore ei drivkraft gjennom fleire tiår. Han har vore ein sentral aktør i eit omfattande teaterarbeid sidan 1960-talet, som prosjektleiar, instruktør, skodespelar, sufflør og organisator. Gjennom eit stort tal oppsettingar har han vore med på å byggje opp eit levande og berekraftig amatørteatermiljø, og han har lagt til rette for at generasjonar av barn, ungdom og vaksne har fått utvikle seg gjennom kulturaktivitet.
Lokale stemmer fortel at Jakob er den direkte årsaka til at det framleis er liv i lokallaget Bagabu UL. Han blir beskriven som eit menneske som går inn med 110% innsats og som aldri gjev seg. Dei som driv ungdomslaget i dag, var dei ungdommane Jakob kom heim og henta dersom dei ikkje kom seg på øving.
For dette arbeidet har aldri berre handla om framsyningar. For Jakob har teateret vore eit verkemiddel for å byggje menneske. Han har konsekvent arbeidd for at alle skal bli sett, få ansvar og oppleve meistring. Slik har han sett ut i praksis Noregs Ungdomslag sitt menneskesyn og tru på enkeltmenneske som ressurs.
Han har òg vore ein tydeleg forkjempar for språk og kultur, mellom anna gjennom vektlegging av dialekt i teaterarbeidet og gjennom engasjement i målpolitiske og kulturfaglege organisasjonar. Gjennom dette har han bidrege til å styrkje samanhengen mellom språk, identitet og levande folkekultur.
På nasjonalt nivå har Jakob bidrege både organisatorisk og fagleg. Han har vore ein viktig del av utviklinga av Noregs Ungdomslag som organisasjon, og har mellom anna vore med i redaksjonsnemnda for 100-årsboka. Gjennom verv og arbeid over lang tid har han òg vore ein pådrivar for betre rammevilkår for amatørteateret og det frivillige kulturlivet.
I 2009 blei Jakob Bjerkem tildelt Noregs Ungdomslag sin ærespris, Huldaprisen. I grunngjevinga blei det lagt vekt på det omfattande arbeidet han har gjort for amatørteater- og ungdomslagsmiljøet, og på hans evne til å vise korleis kulturarbeid kan byggje sjølvkjensle, fellesskap og demokratiske verdiar. Han blei omtala som ein bauta i både lokalsamfunn og i ungdomslagsrørsla.
Jakob Bjerkem representerer det beste i Noregs Ungdomslag: langsiktig innsats, fagleg tyngd, organisatorisk ansvar og eit djupt engasjement for menneska rundt seg. Innsatsen hans har hatt varig betydning. Ikkje berre for dei miljøa han har vore ein del av, men for organisasjonen og fagfelta våre som heilskap.

Fleire heidersmedlemer

Hulda Garborg
Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.
Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Elias Melvær
Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar Rødal
Gunnar Rødal vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.