
Søknadsfrist: 1. juli.
All informasjon om kva som skal med søknaden finn de på heimesida vår.
Nytt for 2026 er at de må ha lasta opp vedtektene til laget i Hypersys. Dette er fordi Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjort nokre endringar i forskrifta til ordninga, og det har blitt klårare klar til frivillig innsats. Frivillig innsats må vere ein viktig del av heile organisasjonen, ikkje berre delen det blir søkt for. For dei aller fleste laga kan dette bli dokumentert gjennom laga sine vedtekter.


Nettmøte
Vi har sett opp tre nettmøte med informasjon og rettleiing for deg som skal søke momskompensasjon:
- Måndag 1. juni kl. 18:00
- Måndag 15. juni kl. 20:00
- Tysdag 16. juni kl. 12:00
1:1-hjelp
Det er i år mogleg å booke tid med ein NU-tilsett for å få hjelp med det du treng for momskompensasjonssøkinga. Hjelpa vil då skje på Teams. Det er primært mogleg å booke tid mellom 10:00-14:00 måndag til fredag. Er ikkje dei tidspunkta mogleg så er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi tid utafor kontortid og.