Nettmøte: momskompensasjon
Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogeleg. Difor valte styret i Noregs Ungdomslag å gå over frå forenkla til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.
- Digitalt
Nyttige lenkjer

Noregs Ungdomslag arrangerer tre nettmøte med opplæring i korleis søke om momskompensasjon. På nettmøte går vi gjennom kva momskompensasjon er, korleis ein korrekt fyller ut transaksjonslista og kva anna som skal med. Det er mogleg å sende inn spørsmål i forkant. Er det tid til overs vil det og vere mogleg å stille spørsmål direkte i møtet.
Nettmøtet er satt til å vare i ein time.
Tidspunkt for møta:
- Måndag 1. juni kl. 18:00
- Måndag 15. juni kl. 20:00
- Tysdag 16. juni kl. 12:00
Nettmøta krev påmelding og møtelenke vil bli sendt ut til dei påmeldte på møtedagen. Påmeldinga må skje seinast ein time før møtestart for at de skal få tilsendt møtelenke.
Fleire arrangement
Sjå alleFagsamling om frivilligdrivne kulturbygg
Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo
- Gratis