Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 9. februar 2026
9. februar 2026

Årsrapport for 2025 - søknadsfrist 3. mars!
Fristen er for å levere årsrapport er tidlegare enn før, for å føglje mønsterlovene til Noregs Ungdomslag og sikre at rapporteringa kjem inn i god tid. Vi ber dykk difor om å prioritere dette og levere innan fristen.
Om de treng utsetting av frist, ta kontakt med NU-kontoret så tidleg som mogleg for å be om dette.
Trykk her for å levere årsrapporten Trykk her for å levere rapporten
Du finn meir informasjon og rettleiing her: https://www.ungdomslag.no/arsrapport-for-lokallaga
Invitasjon: Leiarmøte 18. februar
Den 18. februar inviterer vi alle leiarar i lokallag og fylkeslag i Noregs Ungdomslag til det første digitale leiarmøtet vårt – eit nytt tilbod der vi deler viktig informasjon om organisasjonen, og der du får høve til å stille spørsmål og få rettleiing. Vi håpar du vil vere med!
Arrangement og påmelding finn du her: https://www.ungdomslag.no/arrangement/leiarmote-for-lokallag-og-fylkeslag
Frå valnemnda
Valnemnda er godt i gang med sitt arbeid foran landsmøtet 18-19 april, der det blant annet skal velges nytt styre.
Valnemnda legger opp til en bred og inkluderende prosess og tar gjerne imot forslag på kandidater.
Kandidater som foreslås bør være forespurt og ha takket ja til nominasjonen.
Forslag, gjerne med en kort omtale av kandidaten, sendes til valnemnda v/ leder Irene Dahl innen 15.februar: irenevdahl@gmail.com
Årets lokallag 2025
Tida er inne for å sende inn nominasjonar til Årets lokallag i 2025. Nominasjonsfrist: 1. mars 2026!
Les meir og send inn din nominasjon her: https://www.ungdomslag.no/bodstikka/arets-lokallag-2025
Påmeldingsfrist til sommarleiren 2026 er 1. mai
Årets leir finn stad på Sunnmøre folkehøgskule frå 29.juni - 3.juli. Meir informasjon om leiren finn du på www.sommarleiren.no. Der finn du også lenke til påmelding.
Instruktørkurs i bygdedans 7.-8.mars i Oslo
Helga 7.-8.mars inviterer Noregs Ungdomslag og FolkOrg til felles kurshelg i Oslo. Der har du mellom anna moglegheit til å melde deg på instruktørkurs i bygdedans med instruktør Vegar Vårdal. Påmeldingsfrist 19.februar. Meir informasjon om helga finn du på våre heimesider: https://www.ungdomslag.no/arrangement/stor-kurssamling-i-oslo
Stortinget: Betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg
Det blir i desse dagar diskutert i Stortinget eit forslag om å betre rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg. Det er stor mobilisering, og innan den ordinære fristen for høyringsinnspel kom det inn nesten 70 innspel. I overkant av 40 lokale ungdomslag, grendelag, musikklag og skyttarlag har allereie sendt inn sine innspel, i tillegg til nesten 30 nasjonale organiasjonar. Det er framleis mogleg å sende inn sine høyringsinnspel på epost til familie-kultur@stortinget.no.
Du kan lese heile forslaget, og dei innkomne høyringsinnspela, på Stortinget sine nettsider: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-073s/?all=true
Digitalt nettverksmøte barn/ungdom
Barne- og ungdomsrådet i NU inviterer til digitalt nettverksmøte for ungdom sundag 29.mars kl.18.00. Tema for møte vil vere ung i NU, organisasjon, engasjement og rekruttering. Vi håpar på stor deltaking. Meld deg på via denne lenka: Påmelding: Nettmøte for ungdom 29.mars – Fyll ut skjema
Digitalt nettverksmøte folkedans 10. mars – Folkepedia i skulen
Folkedansrådet inviterar til digitalt nettverksmøte 10. mars kl. 18:00-19:00. Temaet er Folkepedia i skulen – Korleis blir det brukt, og korleis burde det bli brukt? Det blir innleiingar ved lærarar som har brukt Folkepedia i skulen, også blir ordet fritt etterpå.
Meld deg på her for å få tilsendt innkalling til Teams-møte. Møte-lenka vil òg bli publisert på ungdomslag.no når det nærmar seg.
Støtteordning: Mangfalds- og inkluderingsstøtta
Mangfalds- og inkluderingsstøtta er ei støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø som ønskjer å utvikla prosjekt som set søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking.
Søknadsfristar: 1. mars og 1. oktober Søknadssum: 25 000–150 000 kr
Les meir og søk støtte her: https://www.lnu.no/stotteordninger-hovedside/mangfold-og-inkluderingsstotta/
Støtteordning: Strømstøtteordning forlenga til 2026
Regjeringa har forlenga straumstøtta til frivilligheita ut 2026. Her kan du lese meir og finne søknadsinfo.
https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/frivillighet/innsiktsartikler/stromstotteordning-for-frivillige-organisasjoner/id2902246/
PS Ny nyheitsbrevmodul
Vi har fått ny nyheitsbrevmodul på nettsidene. Dette vart litt langt og utan bilete, men dette vil bli betre. I tillegg vil vi før eigne nyheitsbrevfor fagfelta. Meir informasjon kjem.