Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Årets lokallag 2025

Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2025!

Nominasjonsfrist: 1. mars 2026.

Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomlag vart delt ut for fyrste gong under landsmøtet i 2023.

Bakgrunn for oppretting av prisen er å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kroner.

I vurderinga legg vi vekt på lag som bidreg gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod, og ikke minst samhald og inkluderande møteplasser uavhengig av alder. Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.

No kan du nominere eit lag du meiner fortjener prisen.

Tidligare vinnare:

UL Skjoldafjord

Årets lokallag 2024

Utdrag frå juryens grunngjeving:

Etter ei samla vurdering går prisen til eit lag som gjennom meir enn hundre år har vore ein kulturell bærebjelke i lokalsamfunnet. Med eit sterkt engasjement for kreativ utfalding og fellesskap, har laget klart å samle barn, ungdom og vaksne på tvers av generasjonar. Gjennom sitt inkluderande miljø og sitt målretta arbeid for høg kvalitet, har laget vorte ein uvurderleg ressurs for heile lokalsamfunnet.

Les heile grunngjevinga her.

Bagabu Ungdomslag

Årets lokallag 2023

Utdrag frå juryens grunngjeving:

Laget legg vekt på at aktivitetane skal både rekruttere og involvere deltakarane, samstundes som dei er gode på å delegere ansvar og skaper rom for alle både barn, ungdom og vaksne. På denne måten byggar dei og demokratiforståing. Dei driv både med tradisjonelle NU- aktivitetar som teater, dans, lesestundar og songkveldar, men arrangerer òg nye formar for aktivitetar som LAN-party.

Les heile grunngjevinga her.

Kløvheim Ungdomslag

Årets lokallag 2022

Utdrag frå juryens grunngjeving:

I tillegg til at stemmegivinga gjorde stort inntrykk på juryen, er vi imponert over både bredde og omfang i aktivitetsnivået, som òg viser god dugnadsvilje. Laget har sunn økonomi, eit godt drevet ungdomshus og viser òg at de er flinke til å søke om tilskot til aktivitetar. Laget feira 100-års jubileum i 2022 og kan fortsette feiringa med at de er årets lokallag i 2023!

Les heile grunngjevinga her.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Årets lokallag 2025 | Noregs Ungdomslag