Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 6. mars 2026
6. mars 2026


Å nei, for himil rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
No spelar liv um land og strand;
å sæle meg, at upp eg vann!
- Utdrag frå Vårdag av Arne Garborgs diktsyklus Haugtussa (1895)
Vi er inne i årets fyrste vårmånad. Dagane har blitt litt lenger og være noko varmare. Med våren kjem og nye arrangement, kurs og endringar. I denne utgåva av Lagsnytt kan du lese om framtidige arrangement i Noregs Ungdomslag, endringar i både arbeidsmiljølova og Brønnøysundregistera og litt anna spennande.
God lesing!
Endring i Brønnøysundregistera
Ei ny endring i Brønnøysundregistera gjer at frivillige organisasjonar ikkje lenger kan registrere nestleiar. Det kan få praktiske og demokratiske konsekvensar for mange. Frivillighet Norge meiner endringa er uheldig og etterlyser ei betre løysing.
Spørreundersøking: Studieforbundet i sosiale medium
Korleis opplever du Studieforbundet kultur og tradisjon på sosiale medium? No ber dei om innspel gjennom ei kort brukarundersøking. Svara vil bli brukt til å gjere kommunikasjonen meir relevant og nyttig. Undersøkinga er open ut i april.
Endring i arbeidsmiljølova påverker frivillige lag
Nye endringar i arbeidsmiljølova kan påverke frivillige lag som nyttar løna instruktørar eller kurshaldarar. Studieforbundet kultur og tradisjon tilbyr no eit digitalt kurs som gir oversikt over kva endringane betyr i praksis.


Stakkeskjorte frå Hallingdal
📆 08. – 29. april
⏰ 18:00
📍 Oslo
Eit kurs for dei under 26 år der du kan lære å sy di heilt eiga bunadsskjorte. Over fire kveldar og to helgedagar skal du lære korleis du tek mål, klipper opp og syr saman stoff til ei bunadsskjorte.
Påmeldingsfrist 25 mars.

Landsmøte
📆 17. – 19. april
📍 Oslo
Noregs Ungdomlag sitt landsmøte er organisasjonen sitt øvste vedtaksorgan, der utsendingar frå lokallag og fylkeslag samlast for å gjere vedtak om politikk, arbeidsprogram og val, og for å stake ut kursen for vidare arbeid.

Sommarleiren

BARNLEK
📆 21. – 26. juli 2026
📍 Raseborg, Finland
Bli med på Nordens største folkedans- og folkemusikkstemne for barn og ungdom på festivalen BARNLEK i Finland 2026!

Folkepedia i skulen
📆 10. mars
⏰ 18:00
Korleis blir Folkepedia brukt i skulen i dag? Og korleis burden Folkepedia bli brukt i skulen? Bli med på nettmøte for å bli inspirert av andre, og for å påverke Folkepedia framover.
Digitalt nettverkssamling for ungdom
📆 29. mars
⏰ 18:00
Barne- og ungdomsrådet i NU inviterer til digital nettverkssamling for ungdom i organisasjonen.