- Folkedans,
- Levande kulturarv
BARNLEK 2026
Bli med på Nordens største folkedans- og folkemusikkstemne for barn og ungdom på festivalen BARNLEK i Finland 2026!
- Raseborg, Finland
- 250 Euro (ordinær)
Nyttige lenkjer

21.-26. juli 2026 blir BARNLEK, Nordens største folkedans- og folkemusikkstemne for barn og ungdom, arrangert i Raseborg i Finland. Ta med laget ditt og bli med!
BARNLEK er eit folkemusikk- og folkedansstemne for barn frå heile Norden. Ta med barnelaget ditt på tur til Finland i 2026 for fine dagar med kurs, framsyningar og sosiale aktiviteter.
Kva skjer på BARNLEK?
Program
Ung i Norden:
Ung i Norden er ein eigen del av stemneprogrammet og rettar seg mot ungdom i alderen 13–17 år. Tanken med Ung i Norden er å gje ungdomane høve til å bli kjende med kvarandre gjennom dans og musikk, og samstundes øve opp eigne danseferdigheiter saman med jamnaldringar. Målet er å lage ei kort framsyning som ungdomane opptrer med, anten under dansmyllringa eller avslutninga. Ein kan òg vere med sjølv om ein ikkje ønskjer å opptre.
Parade og dansmyllring:
Paraden (festtoget) vil vere laurdag føremiddag. Paraden endar i ein stor park der kvart land får tildelt ein stad og eit tidspunkt for si eiga framsyning på om lag 5–8 minutt, der alle dansarar frå det landet kan delta. Det vil gå føre seg dans parallelt frå fleire land samstundes.
Bunad/folkedrakt:
Vi ønskjer at ein brukar folkedrakt under desse programpunkta: opninga, PR-framsyningar, parade og dansmyllring.
Kven kan vera med?
Stemnet er for barn og ungdom i alderen 8-16 år. Det er mogleg å vere med for dei som er eldre også, men hovudmålgruppa er 8-16 år. Det trengs også reise- og gruppeleiarar. Du kan delta som både danselag og spelmannslag.
BARNLEK er i hovudsak ein festival ein får delta på som medlemslag i Noregs Ungdomslag (NU), men det er også mogleg å delta for lag som ikkje er medlemmer i NU. Då kan det koma ei ekstra kostnad i påmeldinga. Det kan difor lønne seg å melde seg inn som medlem i NU i staden for å betale ekstra avgift til arrangøren.
Pris og påmelding
Påmeldinga opnar i januar 2026. Informasjon om korleis du melder deg på kjem i nyheitsbrev og på denne nettsida.
Stemneavgift:
Ordinær: 250 Euro
Barn fødd 2021-2024: 125 Euro
Barn fødd 2025-2026: gratis
Berre laurdag: 30 Euro
Frå og med 1.april aukar prisen for alle med 50 Euro
Frukost, lunsj og middag er inkludert i stemneavgiften.
Reise og overnatting
For å kome seg til Raseborg kan du ta bilferje til Åbo, Nådendal, Vasa eller Helsinki. Du kan også fly til Helsinki.
Vidare er det mogleg med offentleg transport (buss og tog) eller bil.
NU ser på moglegheiten for felles avreise frå Helsinki lufthamn for norske deltakarar. Send e-post til rita@ungdomslag.no viss du ønskjer meir informasjon om dette.
Overnatting blir på skular i Ekenäs sentrum.
Det er mogleg å leige luftmadrass å sove på. Info om dette kjem i påmeldinga.
Samdansar
Den norske samdansen på BARNLEK 2026 er Parhalling. Lær deg dansen frå Folkepedia her.
Meir informasjon om BARNLEK kjem etter kvart, men hald av datoen og begynn å lufte ideen for laget ditt! Ta gjerne kontakt med oss om du/de er interessert i å reise eller har spørsmål.
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
Eldsjelsamling i Trondheim (Dansespor)
Trondheim
- Gratis!
- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
- Teater
Instruktørkurs: Barneteater
Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen
- 600 (+500 for ikkje-medlemmar)