FolkLeiarUng - fyrste samling 26/27
FolkleiarUng er eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år. Fristen for å søke om plass i prosjektåret 2026/2027 er 27. august.
- 500

Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og leiar innan folkemusikk og folkedans. Målet med prosjektet er å gje unge folkedansarar og folkemusikarar ein møteplass der dei kan få kunnskap om og utvikle seg som pedagog og leiar. Deltakarane søker om å delta for eitt år om gongen.
Søknadsfrist for prosjektet 2026/2027 er 27.august!
Kva inneber FolkleiarUng for deg som deltakar?
Som deltakar i dette prosjektet vil du bli kjent med folkemusikarar og –dansarar frå alle kantar av landet. Du vil bli ein del av eit miljø for unge leiarar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans, og ikkje minst får du oppfølging gjennom året av våre gode instruktørar.
Kva inneber FolkleiarUng for laga?
Prosjektet er meint å vere eit bidrag til laga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og dansinga i laga.
Deltakaravgift
Laga betaler 500 kr per deltakar frå sitt lag. Summen gjeld for heile skuleåret og inkluderer to kurshelger med overnatting og mat for deltakarane, samt oppfølging av laga og deltakarane mellom samlingane. Vi oppmodar også laga å dekke reiseutgifter til sine medlemmar.

Søk om å få vere med
Deltakar som ynskjer å vere med sender inn søknad med video. Søknaden gjeld for eit år om gongen og etterspør informasjon frå både deltakar og lag. Deltakarar som har vore med tidlegare, kan få delta om det er ledig plass i prosjektet.
Meir informasjon
Har du spørsmål om prosjektet og søking?
Ta kontakt med
Live Visdal:
live@folkorg.no / tlf. 97415515.
eller
Rita Sirirud Vatnehol:
rita@ungdomslag.no / tlf. 47849923
Samlingshelgene for neste prosjektår blir 30. oktober - 1. november i Trondheim, og 2. - 4. april 2027 i Oslo.
Foto: Solveig Brekke Hauknes/Noregs Ungdomslag
