
Mandat for rådsmøte for folkedans
Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveksling av kunnskap og erfaringar knytt til folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag.
Nettverket er åpent for interesserte frå alle lag i Noregs Ungdomslag, og vil utanom møta ha eit felles nyheitsbrev for dei som deltek.
Rådsmøtet har eit arbeidsutval sett saman av tre personar vald av styret i Noregs Ungdomslag ein gang i året. Minst ein frå styret og ein frå dei tilsette bør vere med i arbeidsutvalet.
Nettverket møtest minst to gongar i året, og det er arbeidsutvalet som set opp kva møta skal innehalde. Eit møte bør vere fysisk i samband med landsrådsmøtet. Arbeidsutvalet kan invitere til fleire møter dersom dei eller styret ønskjer det.
Rådsmøtet er rådgjevande for styret i Noregs Ungdomslag. Ved behov kan nettverket også gje innspel i samband med nasjonale høyringar o.l.
For 2024-2025 er arbeidsutvalet sett saman av:
- Tone Ingvaldsen
- Embla Olsen
- Solveig Brekke Hauknes, NU-kontoret
Tidlegare medlemmar av rådet:
- Torbjørn Bergwitz Lauen, NU-styret (2023-2024)
- Siri Mæland, NU-styret (2023-2024)
Fyrste rådsmøte vart halde i Oslo 29. oktober 2023.