Hopp til hovedinnhold
Styringsdokument

Mandat rådsmøte for teater

Vedteke av styret i Noregs Ungdomslag 17. september 2023.

Mandat for rådsmøte for teater

Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveksling av kunnskap og erfaringar knytt til teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag. 

Nettverket er åpent for interesserte frå alle lag i Noregs Ungdomslag, og vil utanom møta ha eit felles nyheitsbrev for dei som deltek.

Rådsmøtet har eit arbeidsutval sett saman av tre personar vald av styret i Noregs Ungdomslag ein gang i året. Minst ein frå styret og ein frå dei tilsette bør vere med i arbeidsutvalet.

Nettverket møtest minst to gongar i året, og det er arbeidsutvalet som set opp kva møta skal innehalde. Eit møte bør vere fysisk i samband med landsrådsmøtet. Arbeidsutvalet kan invitere til fleire møter dersom dei eller styret ønskjer det.

Rådsmøtet er rådgjevande for styret i Noregs Ungdomslag. Ved behov kan nettverket også gjeinnspel i samband med nasjonale høyringar o.l.


For 2023-2024 er arbeidsutvalet sett saman av:

  • Terje Svinseth
  • Rita SirirudVatnehol 
  • + ein person til

Fyrste rådsmøte er i Oslo 29. oktober 2023

Fleire styringsdokument

Mandat rådsmøte for teater | Noregs Ungdomslag