
Kor er vi, kven er vi, og kor vil vi?
NU-pila peiker framover, og det skal eit langtidsprogram òg. Det skal vise veg og retning for organisasjonen i åra som kjem, og sette rammer for alle ledd i organisasjonen.
Langtidsprogrammet skal inspirere og motivere til felles løft og innsats uavhengig av kor i landet du er frå, kva aktivitet du driv med, eller kva aldersgruppe du høyrer til. Det skal gi ei klar retning på arbeidet, og hjelpe oss med å utvikle, mobilisere og rekruttere.
I ein organisasjon med 125 år på baken, har det vore mange bølgedalar og -toppar. Dei siste 25 åra har til tider vore tunge og vanskelege, men vi har bygd oss opp att stein for stein. No er tida kommen for ein felles innsats for å løfte organisasjonen. Fram mot 2030 skal vi gå strategisk og metodisk til verks for å bygge Noregs fremste organisasjon for immateriell kulturarv og levande lokalkultur i by og bygd.
NU i 2030
For å kunne løfte oss som organisasjon, må vi sette oss nokre mål, både for sentralleddet og for heile organisasjonen. Desse måla er fordelt på fem fokusområde: Eit sterkt NU-fellesskap, Rom for kultur, Immateriell kulturarv, Organisasjonsbygging og Møteplassar.
I tillegg har vi peikt ut tre av FNs berekraftsmål som vi i Noregs Ungdomslag skal ha fokus på i åra framover:
10) Mindre ulikskap
11) Berekraftige byar og lokalsamfunn
17) Samarbeid for å nå måla
Eit godt arbeid med langtidsprogrammet føreset ei grundig kartlegging av aktiviteten i organisasjonen i 2022 og 2030.
Visjon:
Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som gjennom levande lokalkultur og immateriell kulturarv skaper identitet og trygge generasjonssamlande fellesskap.
Eit sterkt NU-fellesskap
Det er tid for å bygge ein sterkare og meir samansveisa organisasjon. Ein organisasjon der alle heiar på kvarandre, føler seg inkluderte og drar i lag.
Mål: NU er ein organisasjon medlemmane er stolte over og kjenner seg heime i.
Dette skal vi oppnå ved å ha
- inkluderande og trygge fellesskap
- ein kultur for å styrke kvarandre
- ein heilskapleg og felles identitet
- ein struktur tilpassa organisasjonen
- god informasjonsflyt
- ein synleg og kunnskapsrik organisasjon
Rom for kultur
For at vi skal kunne samle oss til aktivitet, fest, kreativ utvikling, galskap og moro, treng vi alle ein stad å vere. Eit rom for kultur. Særmerket ved organisasjonen vår er alle ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa; dei kulturelle ballbingane våre.
Mål: NU har den beste kompetansen på rom for kultur.
Dette skal vi oppnå ved å ha
- kompetanse i å hjelpe kvarandre med å finne rom for kultur
- ei samla oversikt over alle organisasjonseigde hus i NU
- kompetanse i heile organisasjonen på drift og vedlikehald av organisasjonseigde hus
- god kontakt med styresmaktene om stønadsordningar for organisasjonseigde hus
Immateriell kulturarv
Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative uttrykksmøte som handverk, musikk, dans, teater, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar.
I NU har vi eit mangfald av aktivitetar, og det meste fell inn under dei store paraplyane levande lokalkultur og immateriell kulturarv. Amatørteater og folkedans skil seg særskild ut både i medlemsmassen og historikken.
Mål: Medlemmene i NU har framifrå kompetanse på formidling og vidareføring av immateriell kulturarv og levande lokalkultur.
Dette skal vi oppnå ved å ha
- ei felles forståing for kva immateriell kulturarv er
- gode instruktørar på fagfelta amatørteater og folkedans
- etablerte fagforum
- gode og populære opplæringstilbod innan fagfelta våre
- eit godt fagsamarbeid med andre organisasjonar
- god kontakt med styresmaktene for å styrke rammevilkåra våre
- kulturaktivitetar for barn og ungdom i heile landet
Organisasjonsbygging
Ved å bygge gode tillitsvalde i organisasjonen, bygger vi samtidig opp under det demokratiske Noreg.
Mål: Organisasjonsopplæringa i NU gir motiverte og trygge tillitsvalde og tilsette.
Dette skal vi oppnå ved å ha
- årlege opplæringstilbod til alle tillitsvalde
- eit etablert opplæringstilbod i lags- og organisasjonsarbeid
- ein kultur for at nye tillitsvalde blir tatt godt imot og føler seg trygge i vervet sitt
- eit leiarutviklingsprogram og leiarnettverk
Møteplassar
For at ein organisasjon skal kunne dra i lag, drive godt fagleg arbeid og skape gode opplæringsarenaer, er det viktig med møteplassar og møtepunkt. Det skjer noko med mennesket i møte med andre, og denne kreativiteten og skapargleda er grunnleggande nødvendig for ei sunn organisasjonsutvikling. Vi ønsker difor å styrke dei fysiske møteplassane, men òg supplere og vidareutvikle dei digitale møtearenaene, i ein organisasjon med store geografiske avstandar.
Mål: NU har fleire identitetsskapande møteplassar.
Dette skal vi oppnå ved å ha
- både alderstilpassa og generasjonssamlande møteplassar
- regionale møteplassar i heile landet
- minst to årlege nasjonale møteplassar for heile organisasjonen
- deltakarar frå alle fylke på BARNLEK 2029
Til grunn for langtidsprogrammet ligg føremålsparagrafen (§ 1 Føremål i NU-lova), prinsipprogrammet (Stikkord: Frilyndt, samfunnsengasjement, folkeleg kultur og samværskultur) og den fagpolitiske plattforma, som tidlegare er vedtekne av landsmøtet.