Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2024Frist 1. maiSøk gjesteinstruktør no

Styringsdokument

Styringsføresegner

Sist endra av landsmøtet i 2017

§ 1 Styret i Noregs Ungdomslag

Styret leier organisasjonen mellom landsmøta, i tråd med lova og vedtak frå landsmøtet.

Styret kan nedsetje utval til ta seg av faglege og/eller politiske oppgåver i tråd med føremålet og prinsipprogrammet. Utvala rapporterer til styret, og er ansvarleg berre overfor styret.

Styret bør setje ned faste utval for teaterarbeidet og folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag.

§ 2 Administrasjonen i Noregs Ungdomslag

Administrasjonen i Noregs Ungdomslag blir leia av ein generalsekretær, som blir tilsett på åremål for 4 år om gongen. Styret kan ikkje tilsetje nokon generalsekretær i meir enn 3 fireårsbolkar. Styret fastset instruks for generalsekretæren.

Styret gjer vedtak om tilsetjingar i dei andre stillingane i administrasjonen, og fastset løner og andre arbeidsvilkår.

Dei tilsette i administrasjonen vel sjølve ein representant, som skal vere til stades på styremøta under handsaming av personalsaker og ved saker som særleg omfattar deira arbeidstilhøve.

§ 3 Valnemnda

Valnemnda kjem med framlegg til val på medlemmer og varamedlemmer til styret i Noregs Ungdomslag. Tilrådinga skal vere klar 1 månad før landsmøtet, samtidig med dei andre sakspapira til møtet.

Valnemnda har ansvar for å legge fram ei tilråding med tilnærma lik kjønnsbalanse. Tilrådinga bør innehalde forslag til faste styrerepresentantar frå aldersgruppa 14-25 år.

Medlemmene i valnemnda har talerett på landsmøtet når det handsamar val.

Valnemnda si innstilling kan berre innehalde kandidatar som er medlemmer i Noregs Ungdomslag.

§4 Landsmøtet

Noregs Ungdomslag administrerer ei reiseutjamningsordning for landsmøtet, slik at reisekostnadene mellom laga blir jamna ut. Styret i Noregs Ungdomslag fastset nærare retningsliner for ordninga.

§5 Fylkeslaga

Arbeidet til fylkeslaga blir fastsett gjennom arbeidsplanar og andre vedtak på årsmtøet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Fylkeslaga har møteplikt på landsmøtet og i landsrådet til Noregs Ungdomslag.

§6 Medlems- og lagskontingent

Årspengane frå medlemmene er samansett av ein kontingent til lokal-, fylkes- og sentralledd. Satsane blir fastsett av årsmøtet i lokal- og fylkeslaget og landsmøtet til Noregs Ungdomslag. Kontingenten til fylkes- og sentralleddet kan ha ulike satsar for medlemmer over og under 26 år. Lokallaga betaler i tillegg ein lagskontingent til sentralleddet, etter satsar fastsette av landsmøtet. Fylkesleddet har også høve til å krevje lokallaga for lagskontingent, etter satsar fastsette av årsmøtet.

Sentralleddet krev inn den samla kontingenten til fylkes- og sentralleddet frå lokallaga, og refunderer til fylkesleddet deira del. Sentralleddet nyttar siste innmeldte kontingentsatsar frå fylkesleddet, og fastset satsane for fylkeslag som ikkje har vedtekne satsar.

For å sikre ei organisatorisk samhandling og yte ein god medlems- og lagssørvis, disponerer sentralleddet fylkesleddskontingenten frå lag som ikkje er tilknytta fylkesledd, eller som ikkje har aktivt fylkesledd.

§ 7 Endringar i styringsføresegnene

Styringsføresegnene kan endrast med vanleg fleirtal på landsmøtet. Framlegg må kunngjerast på same måte som ved lovendringar.

Fleire styringsdokument

Sjå alle
Styringsdokument

Fagpolitisk plattform

Den fagpolitiske plattforma til Noregs Ungdomslag seier kva som har vore og skal vere prioriterte område for organisasjonen. Gjeldande fagpolitisk plattform vart vedteke på Landsmøtet i 2018.

Styringsdokument

Mandat rådsmøte for folkedans

Vedteke av styret 17. september 2023.

Styringsdokument

Prinsipprogram

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen: