Hopp til hovedinnhold

Basiskurs i leiing og regi

I samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund arrangerer vi basiskurs i leiing og regi under Teaterdagene på Lillehammer 18.-20.september.

Teaterdagene er ein årleg festival med forestillingar og kurs, som Norsk Amatørteaterforbund står for. I år samarbeider vi om eitt av kursa.
NU- får medlemspris på alle kurs. Meld deg på med Natf sin medlemspris. Du får 10% rabatt ved påmelding før 1.juli.

Meir informasjon om pris og påmelding finn du på Teaterdagene sine sider.

  • Hammartun barne- og ungdomsskole, Lillehammer
  • 1900 (for medlemmar)

Nyttige lenkjer

Tre ungdommar står med ryggen til kamera. Vaksen mann (Shwan Wahed) gestikulerer i samtale med dei.

Om kurset:

Basiskurs i leiing og regi gir deltakarane grunnleggande dei grunnleggande ferdigheitene til å kunne drive som instruktør i sitt lokallag. I små lag vert det ofte mange oppgåver på kvar person, og det vert fort slik at instruktøren også har som ansvar å leie gruppa, og i praksis vere produsent. Dette kurset gir deg som deltakar ei klarare forståing av kva dei ulike rollene inneber og korleis du skal takle ulike oppgåver.

Om kurshaldar:

Shwan Wahed er scenekunstnar, teaterinstruktør, pedagog, musikar og medvandrar i livet. Fellesskapet er Shwans agenda for å sette i gong prosessar. Han er kulturbyggar mellom forskjellige etniske i fellesskapet. Sidan 2017 har han vore tilsett ved Den Mangfaldige Scenen som teaterinstruktør og musikar. Opprinneleg kjem han frå Irak og kan fleire språk.

Fleire arrangement

Sjå alle

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag
  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).