Hopp til hovedinnhold

Dansefest i Trondheim

Arrangør: Bondeungdomslaget i Nidaros

Laurdag 17.oktober byr vi opp til dans i BUL-salen til Bondeungdomslaget i Nidaros. Det blir godt og variert dansespel frå Einar Olav Larsen og Daniel Røssing.

Billettar kjøper du i døra.

  • BUL-salen til BUL i Nidaros, Søndre gate 22b, Trondheim
  • 100,- (+50 for ikkje-medlemmar)
To menn som er på ei scene og spelar fele og piano.

I samarbeid med Bondeungdomslaget i Nidaros inviterer vi til dansefest i BUL-salen midt i Trondheim by.

Det vil bli variert dansespel og moglegheit for både turdans, runddans, bygdedans og songdans.

Musikarar denne kvelden er folkemusikar Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianist Daniel Røssing frå Levanger/Trondheim.

I år er det 20 år sidan dei starta sitt samarbeid og hadde sin første opptreden på Hilmarfestivalen i Steinkjer. Nettopp Hilmar Alexandersen og hans samspel
med pianisten Sturle Hallås er framste inspirasjonskjelde for duoen. Dette
samspelet kjenneteiknast av elegant felespel og raffinert og originalt
piano-akkompagnement, som Alexandersen og Hallås utvikla gjennom speling
på bryllaup og festar på Innherred gjennom ein mannsalder.

Einar Olav og Daniel skapar med sin musikalske bakgrunn eit eige uttrykk med utgangspunkt i denne tradisjonen.

Dansefesten er open for alle i alle aldrar.

Dansefesten er ein del av programmet for NU-helga 2026. Det er mogleg å delta på dansekurs laurdag og nettverksmøte for dans på sundag viss ein ønskjer det.

Sjå NU-helga 2026 for meir informasjon.

Fleire arrangement

Sjå alle

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.

Basiskurs i leiing og regi

Hammartun barne- og ungdomsskole, Lillehammer

  • 1900 (for medlemmar)