Hopp til hovedinnhold

Fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg

Frivilligdrivne kulturbygg er hjartet i levande lokalsamfunn. Dei er arenaer for øvingar, dansefestar, konsertar, teater, møte, kurs og fellesskap, og er bygd og drivne dugnad og idealisme. Samstundes står mange av husa overfor store utfordringar knytt til vedlikehald, universell utforming, energieffektivisering og økonomi. Korleis sikrar me at desse husa framleis kan vere opne møteplassar for kultur og frivilligheit i framtida?

  • Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo
  • Gratis
Info-bilete om fagsamlinga meint for sosiale media. Informasjon står og i teksten.

2. juni inviterar Noregs Ungdomslag til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg på Nynorskens hus i Oslo. Samlinga er retta mot nasjonale organisasjonar som eig, har lokallag som eig eller på anna vis har interesse for frivilligdrivne kulturbygg. Målet er å dele erfaringar, løfte felles utfordringar og diskutere korleis me saman kan påverke den vidare oppfølginga.

Program

08:30 Kaffi og frukost

09:00 Velkomen

09:05 Lansering av rapporten «Tette tak og varme gryter – 10 år med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane»

09:15 Politisk samtale – Momskompensasjon til frivilligdrivne kulturbygg er vedteke. Kva er vegen vidare no?

09:50 Pause

10:00 Presentasjon: Folkets hus (Lene Furli, LO)

10:15 Presentasjon: Bedehus (Kjetil Vestel Haga, Normisjon)

10:30 Presentasjon: Ungdomshus og grendehus (Tone Mjelde, NU)

10:45 Pause

11:00 Gruppearbeid: Korleis sikre dei frivilligdrivne bygga i Kulturarenastrategien?

11:30 Presentasjon av gruppearbeid og ope ordskifte

12:00 Slutt

Fleire arrangement

Sjå alle

Kultur- og teaterverkstedet Fyret

Sommerkurs

Håreks Gate 35, 8800 Sandnessjøen, Norway

  • Gratis