Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

NORDLEK 2027

Bli med på NORDLEK 2027 21.-25. juli i Århus.

  • Århus
dans

NORDLEK 2027 blir arrangert i Danmark, like utanfor Århus.

Dato: 21.-25. juli 2027

Stad: Vejlby-Risskov Hallen, Århus i Danmark. Stemneområdet ligg litt utanfor sentrum av sjølve Århus. Arenaen består av eit område med idrettshaller.

Reise

  • Til Århus går det både tog, fly og båt.

Overnatting

Det blir fleire alternativ for overnatting. Skuleovernatting og camping for bubil/vogn er det som blir nærmast stemneområdet.

  • Stemnecapingen er like ved stemneområdet og vil vera det nærmaste alternativet til arenaen.
  • Vorrevanskolen er plassert 1,2 km til stemneområdet. Her blir det servering av frukost/morgenmad.
  • Om det blir behov for fleire skular finst det også ein annan skule 1,6 km unna.
  • Det er ca. 2,5 km til Århus vandrerheim
  • Det finst fleire mindre hotell i området, ikkje heilt inntil hallen/stemneområdet, men et lite stykke unna.
  • Det anbefalast også å undersøke Airbnb for privat overnatting.

Meir informasjon kjem etter kvart.

Nordisk sommarleir

I forkant av festivalen blir det arrangert nordisk sommarleir 16.-20. juli med dans og musikk for ungdommar. Meir informasjon om denne kjem også.

Fleire arrangement

Sjå alle

Voss Ungdomslag

Juniorinstruktørkurs

Uttrågata 18, 5700 Vossevangen

  • 600